Nynorsk i Aftenposten – men berre eit unntak
Aftenposten publiserte eit intervju med Aasmund Nordstoga skrive på nynorsk. Men avisa lover ikkje å bli meir språkliberal av den grunn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag har Aftenposten ei sak med tittelen «Aasmund Nordstoga: – Det er liksom ikkje så nøye med oss på bygda, for vi har sjølv valt å bu her» på nett og i papiravisa. Saka er skriven av journalist Anders Veberg, som opplyser til Journalisten.no at han spurde leiaren sin om løyve til å skrive saka på nynorsk sidan Nordstoga har vunne pris for å vere årets nynorskbrukar, og sidan saka vart laga i Vinje i Telemark.
Nyheitsredaktør og fungerande sjefredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen fortel at publiseringa ikkje er noko uttrykk for ein ny praksis hos Aftenposten.
– I utgangspunktet er nyheitsspråket i Aftenposten bokmål. Innimellom har vi gjort enkelte unntak for kronikkar, og vi har hatt nokre kommentarar publisert på nynorsk. Harald Stanghelle har skrive på nynorsk eit par gonger. Og nokre gonger har vi gjort unntak for kulturintervju. Intervjuet med Nordstoga er ein sånn type intervju, seier ho til Journalisten.
Strøm-Gundersen seier journalistane i avisa ikkje kan bu seg på å skrive meir nynorsk i tida som kjem.
– Utgangspunktet er at det er intervjuobjektet som er førande for valet av målform. Regelen om at bokmål er hovudspråk gjeld framleis.
Tidlegare i år opna VG for at journalistane kan skrive nynorsk der det er naturleg, men det blir altså ikkje ei tilsvarande oppmjuking hos Aftenposten.