DVD-sal gjev framleis meir produsentpengar enn strøyming

DVD-salet er framleis ei viktigare inntektskjelde enn strøymetenester, trass i at milliardar av kroner i dag går til strøyming og ikkje fysiske format.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For åtte år sidan kjøpte vi film på disk for nesten 2,5 milliardar kroner, og strøyma digitalt for 101 millionar kroner. Sju år seinare er tala snudd på hovudet, skriv Dagens Næringsliv.

I fjor brukte vi over 2,2 milliardar kroner på strøyming av digitale filmar og TV-seriar. Det fysiske salet er nede i 425 millionar kroner. Men sjølv om strøyminga har tek over marknaden, merkar ikkje filmprodusentane dei store inntektene frå desse tenestene.

Arbeidsgjevarforeininga Virke har gått gjennom inntektene til elleve norske spelefilmar i tidsrommet 2013–2015. Undersøkinga viser at inntening frå strøymetenester og digital leige eller kjøp berre utgjer rundt 10 prosent av inntektene til filmane. Sal av DVD og Blu-ray stod til samanlikning for 18 prosent i same periode.

Heilt absurd

Torbjørn Urfjell i Virke Produsentforeningen kallar situasjonen heilt absurd.

– DVD-salet er no berre ein tiandedel av kva det var i 2009. I den same perioden har omsetnaden til strøymebransjen syttendobla seg, seier Urfjell.

Då DVD-salet var på høgda fekk norske distributørar og produsentar ei støtteavgift på 3,50 kroner per selde disk. For strøymetenestene og breibandleverandørane finst det ikkje slike ordningar.