Maud Angelica om refleks: – Trist at folk synest det er teit å vere trygg

Kunstnaren skjønte kor viktig refleksen var då ho tok førarkortet i fjor. No vil ho hjelpe andre å forstå det same.

Frida Tvedte Matre
Publisert

Dersom du ikkje allereie har teke i bruk refleksen, bør du leite han fram frå skuffar og skap. I dag blir nemleg den årlege Refleksdagen arrangert over heile landet.

– Han skal markere eit tidspunkt då det er på høg tid at ein finn fram refleksen. No byrjar det å bli såpass mørkt både nord og sør i landet, fortel spesialrådgjevar Ann-Helen Hansen i Trygg Trafikk over telefon til Framtida.no.

Trygg Trafikk er organisasjonen som arrangerer Refleksdagen. Gjennom den ynskjer dei å auke bevisstheita rundt bruk av refleks. Det gjer dei blant anna gjennom samarbeid med aktørar som designar eigne refleksar.

I år er det kunstnar og forfattar Maud Angelica Behn (20) som har fått oppdraget.

 – Eg håpar refleksane kan bidra til å halde folk trygge, og minne folk på å bruke det, fortel ho på sjølve Refleksdagen.

Ho ynskjer også at folk lærer at refleks ikkje berre er for barn.

– Vaksne er like mykje ute, så eg håpar designet kan motivere alle folk til å bruke det.

– Refleks kan vere kult

Behn innrømmer at ho ikkje var flink til å bruke refleks før. Det var då ho fekk førarkort i fjor at ho byrja og skjøne kor mykje det betyr.

– Eg hugsar me hadde ein køyretime der me skulle telje kor mange som nytta refleks og ikkje. Då blei eg overraska over kor mange det var som gjekk utan. Eg trur det er mange som ikkje skjønar kor viktig det er å nytte refleks. Noko som tek to sekund kan skilje mellom liv og daud, seier 20-åringen.

Ho trekker fram at refleks kan vere kult.

– Det er eigentleg litt trist at folk tenkjer at det er teit å vere trygg. Eg håpar designet kan få folk til å heller tenkje at det er kult. Det er i alle fall det eg har prøvd på, ler ho.

Refleksen kan gjere store skilnadar

Kunstnaren oppmodar folk til å nytte refleks framover.

– Bruk refleks. Det er viktig å minne kvarandre på det. Det er betre å vere trygg enn «å sjå kul ut». Men no er jo refleks kult då, synest eg.

I likskap med Behn trekker også Hansen i Trygg Trafikk fram at det er viktig å hugse at alle har eit ansvar for å sjå og bli sett i trafikken. Med og utan refleks på kroppen kan nemleg utgjere ein stor skilnad.

– Viss du nyttar refleks så er du synleg på opp mot 140 meters avstand, men viss du går utan er du først synleg når du er 25 til 30 meter ifrå. Dersom ein reknar det om til sekund har ein bilførar ti sekund å reagere på kontra to sekund, forklarar spesialrådgjevaren.

Her er Ann Helen Hansen frå Trygg Trafikk sine beste reflekstips:

  • Fest refleks på alle jakker, sekkar eller baggar du nyttar. På den måten har du alltid ein refleks eller to tilgjengeleg.
  • Legg refleks i skoa slik at du blir mint på å ta på deg refleks kvar gong du skal ut.
  •  Ha refleks på delar av kroppen som bevegar seg når du går, for då er du mest synleg. Armar og bein har større svingradius, og det vil synast på god avstand at du er eit menneske i rørsle.
  • Bruk alltid to refleksar på kvar side av kroppen. Då blir du synleg frå alle kantar.