Det går slagord i slagord

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slagorda som lagar seg sjølve

Frå 2020 vil det vere 354 kommunar i Noreg. Det er ned frå 428 før regjeringa byrja på kommunereforma. 41 nye kommunar held no på å finne namn, verte samde om nytt kommunevåpen, fordele oppgåver i den nye kommunen. Dei må sjølvsagt òg ha nye kommuneslagord.

Det har Twitter-brukaren @lyktestolpe løyst. Ho har laga ein kommuneslagordgenerator. Det er ein Twitter-konto som lagar tilfeldige slagord, frie til bruk for kommunane som ønskjer det.

– Ingenting hadde gledd meg meir enn om generatoren greidde å lage eit slagord så bra at nokon ville bruke det. Men eg trur ikkje han er smart nok til det, fortel skaparen @lyktestolpe.

Twitter-brukaren @lyktestolpe står bak kommuneslagordgeneratoren @slagordinator. Foto: @lyktestolpe

Ho har teke utgangspunkt i oversynet på Wikipedia, og skrive inn alle kommunane og delt slagorda opp i bestanddelar og putta i ordbankar. @slagordinator lagar setningar utifrå dei ordbankane.

Tidlegare har @lyktestolpe laga Twitter-generatorane @ og @. Den første lagar Twitter-meldingar som hadde passa godt inn hjå studentar frå eit humanistiske fakultet på universitetet. Den andre lagar tilfeldige svar frå dei som skriv til han.

Prøv også: Greier du denne kommuneslagordkvissen?

Slik ser kommuneslagordgeneratoren ut på innsida.

Jens Kihl er nestleiar i Noregs Mållag, politisk journalist i Klassekampen, og kommuneentusiast. Foto: Noregs Mållag

Kommuneslagordguru Jens Kihl, som nyleg fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar saman med Guri Kolås, held på å skrive bok om norske kommunar.

Hans favoritt frå @slagordinator er Siljan sitt. «Der det skal være mulig å være våken.»

– Siljan er nok diverre ein av dei mest inkjeseiande kommunane i landet vårt, og eg vil gjerne gje @slagordinator poeng for å ikkje lage noko som lovar meir enn dei kan halde, seier Kihl.

– Det er interessant at ein Twitter-bot kan lage vel så gode slagord som det eit heilt kommunestyre på inspirasjonssamling på høgfjellshotell i lågsesongen kan greie, kommenterer Kihl.

Han fortel vidare at den største veiknskapen er kanskje at den berre gjev slagord til kommunar som eksisterer og har slagord i dag. Dermed blir Oslo, Kinn og andre slagordslause fjordbygder framleis ståande i med slag(ord) i lause lufta.

Førebels er Grimstad favoritten til @lyktestolpe av dei generatoren har laga. No har kommunen slagordet «med viten og vilje». Det er kanskje ikkje heilt urelatert til slagordet Twitter-generatoren har funne fram til:

Kihl har tidlegare skrive ein rapport om kåra for nynorsk i kommunereforma. Me får håpe ein rapport om kommuneslagord er neste steg. Favoritten hans er slagordet til Grong kommune. Ifølgje Wikipedia er det «et aktivt og robust regionsenter med livskvalitet og mangfold.» Det er toppen i sjangeren Nytale, ifølgje guruen.

Men då Nationen kåra Noregs beste slagord, var kandidaten frå Grong «Grong – et midtpunkt i Namdalen der folket er viktigst og der mer enn elvene møtes». Det slagordet leverer i sjangeren Kompromiss mellom alle i kommunestyret, meiner Kihl.

Favorittane til @lyktestolpe er dei som vågar å bruke superlativ om seg sjølve.

– Eg synest mange er litt beskjedne. Difor synest det er eit friskt pust når til dømes Etnedal kommune brukar slagordet «minst og best!». Dei er skikkeleg sikre på seg sjølve. Eg synest fleire kommunar bør skryte uhemma av seg sjølve, fortel ho.

@lyktestolpe fortel ho har merka seg at mange kommunar berre har oppramsingar av ganske breie ord, og at det nok fører til lite minneverdige slagord.

– Mange ord går igjen: trivsel, openheit, nærleik til natur, hjarterom, tradisjonar. Om ein vil fremje slike verdiar er det jo berre å køyre på, fortel ho, og legg til:

– Om ein vil stikke seg ut, er det nok betre å ta noko litt kjipt med kommunen. Det er det ikkje så mange som gjer.

Slagordgeneratoren har til og med kome med eigne framlegg til kommunesamanslåingar. Korkje Frøya eller Tynset slo seg saman med nokon, så det kan vere noko å tenkje på for kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til seinare.

Entusiasten Kihl veit kva han kjem til å sakne, av slagorda som forsvinn i dei vedtekne kommunesamanslåingane:

– Det er trist at vi mistar Hurum og deira «la det skje». Det er relativt sprekt av ein bygdekommune i Buskerud å sitere Vår Far, seier han.