Høgre er så inkonsistente i skulepolitikken. Det må dei slutte med.

Peder Lofnes Hauge
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Norske elevar treng eit spark bak for å kome seg på skulen, skriv stortingsrepresentant Peter Christian Frølich i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende. Han meiner debatten om fråværsgrensa i den vidaregåande skulen bør vere avgjort ein gong for alle.

Peder Lofnes Hauge er Venstre-politikar og styremedlem i Noregs Mållag, og han meiner Høgre er inkonsekvente i skulepolitikken. Foto: Venstre

Forstår eg Frølich rett er altså norske elevar så umodne at dei treng eit spark bak for å møte opp på ein skule der dei brått er modne nok til sjølv å velje om dei skal bli sett i stand til å meistre heile det norske språket.

For i spørsmålet om sidemålsopplæring har Frølich og andre Høgre-politikarar lenge lagt seg på ei elevpopulistisk line som er vanskeleg å kjenne att i formuleringar om elevar som treng eit spark bak. Det er så vanskeleg og lite motiverande å lære seg nynorsk at det må elevane få sleppe.

Til hausten er det stortingsval, og elevane i vidaregåande skulen får besøk frå dei ulike partia. Då er det godt at dei umodne elevane er tvinga til å vere på skulen – slik at dei kan få med seg bodskapen frå Høgre om at dei er modne nok til sjølv å velje om dei skal lære seg nynorsk.

Heldigvis vil dei også få høyre gode argument om kvifor norske elevar bør få opplæring og vurdering i heile det norske språket.

Eg kjenner Peter Christian Frølich som ein dyktig politikar, og eg trur eigentleg han kan sympatisere med oss som ynskjer å styrkje nynorsken sin plass i skulen. Kanskje han berre treng eit spark bak?