Investorar påverkar klimaet

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

100 selskap står for 70 prosent av utsleppa

Berre 100 selskap er kjelda til 70 prosent av utsleppa i verda sidan 1988, ifølgje ein ny studie, skriv The Guardian.

Vanlegvis reknar ein utslepp etter land, men denne nye studien (pdf) har brukt offentleg tilgjengelege tal for å sjå på kva rolle selskapa og investorane speler.

Halvparten av utsleppa sidan 1988 kan ein knyte til 25 private eller offentlege selskap som driv med fossilt brennstoff. Det åleine er nok til å ha bidrege merkbart til klimaendringane, ifølgje rapporten.

Konflikt med profitt

ExxonMobil, Shell, BP og Chevron er dei verste investoreigde selskapa, medan ein femtedel av utsleppa stammar frå offentlege investeringar.

– Selskapa har ei viktig rolle å spele i kampen mit klimaendringane, men hindringa er konflikten mellom kortsiktig profitt og det naudsynte behovet for å kutta utslepp, fortel Pedro Faria, som er teknisk direktør i miljøorganisasjonen CDP.