NAF vil ha utvida elbilfordelar for folk på bygda


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Om tre år skal det etter planen bli slutt på avgiftsfordelane ved å kjøpa elbil. Det er svært uheldig for folk i distriktet, meiner Norges Automobilforbund (NAF), som rår regjeringa til å utvida ordninga.
NAF peikar på at det er først no det tek til å koma elbilar som både er store nok, har rekkjevidd nok og har batteri til at dei er interessante for folk i distriktet.
– Det er difor svært dårleg timing at kjøpsfordelane til elbilar forsvinn like før det for alvor kjem større og meir nyttige modellar på marknaden, seier kommunikasjonsrådgjevar Nils Sødal i NAF til Nationen.
– Skal løna seg

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen vil at det skal løna seg å velja utsleppsfrie bilar også etter 2020. Foto: UD
Ei undersøking organisasjonen har fått gjennomført, viser at folk i distriktet er meir skeptiske til elbil enn folk i sentrale strøk. For å leggja til rette for fleire elbilar i distrikta, meiner NAF at momsfritaket på elbil og ordninga med å ikkje betala eingongsavgift bør utvidast til minst 2025 då det er vedteke at Noreg berre skal selja utsleppsfrie bilar.
Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) seier regjeringa ønskjer å føra ein politikk som gjer at det løner seg å velja utsleppsfrie bilar.
– Vi har så langt forlengd fordelane til 2018 og 2020, men vi er klare på at nullutsleppsbilar skal løna seg også etter dette, seier han til avisa.