Nye namn på toglinjer i London heidrar kvinnekamp og innvandring
Suffragette-rørsla og arbeidsinnvandring frå Karibia blir hylla i nokre av dei nye namna på London-toglinjene som så langt har gått under samleomgrepet Overground.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det gamle namnet vart valt for å skilje nettverket oppå bakken frå det meir kjende undergrunnsnettet, også kjent som The Tube.
No har dei seks linjene fått nye namn, som ifølgje London-ordførar Sadiq Khan skal heidre og feire «ulike delar av Londons unike lokalhistorie og kultur». Dette blir ei av dei største endringane nokosinne på det velkjende metrokartet i storbyen.
Ei av dei nye linjene får namnet Suffragette Line, etter kvinnene som kjempa for stemmerett og likestilling for over 100 år sidan.

Annie Kenney og Christabel Pankhurst i The Women’s Social and Political Union (WSPU) kring 1908. Dei kjempa for kvinneleg stemmerett i Storbritannia og det var medlemmer i denne gruppa som først blei kalla «suffragetter». Foto: Offentleg eigedom
Ei anna linje skal heite Windrush, etter skipet som frakta mange arbeidsinnvandrarar frå Karibia i etterkrigstida. Mange av dei som kom, byrja å jobbe i Londons kollektivtrafikk.
Dei fire siste linjenamna som vart kunngjorde torsdag, er Liberty, Lioness, Mildmay og Weaver. I tillegg til nye namn, får dei også nye fargar og skal teiknast med doble parallelle linjer på kartet, slik dagens oransje Overground-linjer blir viste.
Og alle som kan «sine» linjer og ruter, kan vere trygge på at dei består også i framtida. Ingen skal rokke ved Piccadilly, Central, Circle, Victoria eller dei andre klassiske undergrunnslinjene.