Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Austersjøen mellom Sverige og Finland ligg 6.757 øyar som til saman utgjer Åland. Det er i dag eit sjølvstyrt område som høyrer til Finland, men dersom partiet Ålands framtid får det som dei vil, kan øygruppa med vel 29.000 innbyggjarar bli ein sjølvstendig nasjon.

– Både folkerettsekspertar og juristar har kome fram til at ålendingar skal reknast som eit eige folk. Ifølgje FN-pakta har eit folk rett til sjølvråde, seier partileiar Axel Jonsson (25) i Ålands framtid i eit intervju med Svenska YLE i dag.

– Kløfta veks

Båtliv på idylliske Åland. Illustrasjonsfoto: Pixabay

Ålendingane snakkar svensk, og etter at Finland blei sjølvstendig i 1917 røysta eit fleirtal av øybuarane for å gå til Sverige. Slik gjekk det som kjent ikkje, men det har aldri blitt noko kjærleiksekteskap mellom Åland og Finland. No meiner Jonsson at det er tid for skilsmisse.

– Me har hatt eit fellesskap med Finland i og med at svensk også har vore eit offisielt språk. Men kløfta veks, og Finland held på å bli ein enno meir einspråkleg stat, seier den unge partileiaren.

Brubyggjar

Jonsson har leia Ålands framtid sidan han var 20 år, og representerer partiet i det ålandske lagtinget. Han hevdar at den ålandske økonomien blomstrar også utan hjelp frå Finland, og meiner at eit sjølvstendig Åland kan fungera opptre som meklar i austersjøregionen.

– Me kunne fungert som brubyggjar i Austersjøen mellom Sverige, Finland og kanskje enno fleire. Om ein jobbar langsiktig er det eit fullt mogleg mål, seier han til YLE.

Ved valet på Åland i 2015 fekk Ålands framtid 7,4 prosent av røystene og 2 av 30 representantar i lagtinget.