Han kan bli redningsmann for «Hamnesjefen»

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på tysnesbladet.no.

– Eg er klar til å ta imot både han og familien hans dersom det skulle verta aktuelt.

Det fortel Frode Storetvedt. Han har drive med fugl i ei årrekke, og har ein 1400 kvadratmeter stor innhegning utanfor huset, med plass til å husa både «Hamnesjefen» og familien hans.

Godt alternativ

Den 1400 kvadratmeter store innhegninga i Gjersvik kan verta ny bustad for havnesjefen.

– Eg har følgd med på debatten som har vore, og har sett at dette er ei sak som engasjerer mange. Eg tenkte at det kunne vera eit alternativ å ha svana hjå meg. Eg driv med fugl og har mogelegheit for å ha han, seier Storetvedt.

Han meiner det kan vera eit alternativ til å avliva svana, samstundes som han ikkje vil verta til bry for nokon.

– Dette kan kanskje vera ei løysing som mange tenkjer er grei, trur han.

Erfaring med svaner

I innhegninga bur det for tida omlag 150 fuglar av ulikt slag. No skal kanskje «Hamnesjefen» flytta inn til dei.

I innhegninga har Storetvedt no omlag 150 fuglar av ulike slag. Fleire gonger tidlegare har innhegningen husa svaner.

– Eg har hatt sju eller åtte svanar her tidlegare, så eg veit korleis eg skal ta vare på dei, smiler han.

Han legg til at det nye livet vil verta ei omstilling for «Hamnesjefen».

– Det er klart det ikkje er det same som å vera fri, men eg tenkjer det er eit godt alternativ til å avliva fuglen. I innhegninga er det dammar med både ferskvatn og sjøvatn, så alle behova hans vil verta tekne hand om.

Stort engasjement

I innhegninga er det dammar med både ferskvatn og sjøvatn, så alle behova til svana skal verta dekka.

Etter at «Midtsiden» omtala saka vart det mediestorm for tysnesingen, som fortel at telefonen har ringt jamt sidan.

– Det har ringt frå ulike medier om saka.

Og medan «Tysnes» vitja Storetvedt, ringte telefonen på ny. Denne gongen var det NRK Hordaland. Nokre minuttar seinere hadde Storetvedt omtalt saka i radio.

– Dette hadde eg ikkje sett føre meg, ler han.

Mattilsynet har sagt ja til at Hamnesjefen kan hamna på Tysnes. No ligg saka hos Miljødirektoratet. Les meir på tysnesbladet.no