Færre seier nei til organdonasjon

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire donerer vekk organa sine

I første halvår i år fekk 242 pasientar til saman 269 livreddande organ, skriv Stiftelsen Organdonasjon i ei pressemelding. I fjor var tala høvesvis 205 og 230 i dei seks første månadane av året.

85 prosent av dei pårørande som blir spurt, samtykkjer til donasjon. Delen som seier nei – 15 prosent – er lågare enn på mange år.

Nyrekøen veks

Totalt blei det meldt inn 167 potensielle donorar frå sjukehus rundt i landet til transplantasjonskoordinatorane på Rikshospitalet.

– Så høge har desse tala aldri vore, seier transplantasjonskoordinator Urs Christen.

– Vårt bodskap til donoransvarleg personell er «meld alle potensielle donorar og meld tidleg», slik at det berre blir opp til transplantasjonskirurgane å vurdere kven som har organ som egner seg til transplantasjon, seier Christen.

Lista over pasientar som ventar på nyrer veks, mens ventelistene elles er stabile.