Unge sjåarar droppar «vanleg» TV – brukar like mykje tid på strøyming

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge sjåarar droppar «vanleg» TV – brukar like mykje tid på strøyming

Sjåartal frå Kantar TNS og NRK Analyse viser at alle såg mindre kringkasta TV sist vår. Kvinner ser framleis meir på TV enn menn, men flyttar seg også i større grad over på nye plattformer, skriv VG. Mellom januar og mai såg norske kvinner i snitt 172 minutt tradisjonell TV per dag. 18 minutt mindre enn for eitt år sidan. Menn kutta TV-tida frå 172 til 160 minutt.

Dei unge leier an i overgangen, men dei eldre ligg ikkje altfor langt bak. Prognosar viser at innan fem år kjem halvparten av alle sjåarane til å vera der dei yngre sjåarane er i dag.

Unge ser mindre totalt

– Samtidig ser vi også at sjåarminutta for kringkasta TV fell fortare enn sjåarminutta for strøyme-TV aukar. Det betyr at unge menneske brukar tida på andre ting, som til dømes sosiale medium. Vi ser i alle fall at dei har redusert TV-sjåinga si med ein tredel, og det er ei utvikling som held fram, seier analysesjef Kristian Tolonen i NRK.

For dei eldste sjåarane, dei over 65, aukar derimot TV-tittinga framleis: Dei ser i snitt 280 minutt «vanleg» TV per dag, sju minutt meir enn i same periode i fjor.