Måling: Éin av fire vil ikkje ha meir oljeutvinning

Ein firedel av dei spurde i ei ny undersøking seier Noreg ikkje bør leita etter ny olje og gass på sokkelen av omsyn til klimaet.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tredje kvinne vil ikkje ha meir oljeleiting

Kvinner er meir villige enn menn til å setja klimaomsyn framfor oljeutvinning, viser undersøkinga som er utført av Respons Analyse på oppdrag frå Framtiden i våre hender, skriv Dagsavisen.

Kvar tredje kvinne – 33 prosent – seier seg samd i utsegna i at «Norge bør ikke lete etter ny olje og gass på norsk sokkel på grunn av klimahensyn». 16 prosent – eller ein seksdel – av dei spurde mennene meiner det same. Totalt stiller 24 prosent seg bak utsegna.

– Vi meiner dette viser at noko er på gang i den norske befolkninga. Stadig fleire forstår at ny oljeleiting verken kan sameinast med klimamåla eller er samfunnsøkonomisk fornuftig, seier konstituert leiar Christoffer Ringnes Klyve i Framtiden i våre hender.

Likevel stor støtte

45 prosent svarar at dei er usamde i påstanden og støttar dermed framleis leiting etter nye olje- og gassførekomstar. Det tilseier at heile 31 prosent ikkje har noko tydeleg meining om spørsmålet.

Regjeringa lyste nyleg ut 102 nye leiteblokker, dei fleste av dei i Barentshavet.

– Nytt leiteareal er heilt avgjerande for langsiktig aktivitet, verdiskaping og lønsam sysselsetjing i petroleumsnæringa over heile landet, sa olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) i samband med utlysinga.