Då June (17) trong sommarjobb, fann ho på å invitera til rideleir heime på garden

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

– Eg trong ein sommarjobb, og eg elskar å driva med hest. Så då tenkte eg at eg kunne kombinera dei to, fortel June Eitrheim Pedersen (17).

I tre veker i sommar skal ho læra born i barneskulealder om hest og riding.

17-åringen fekk fleire førespurnadar frå unge som ønskte å koma og ri, så då stelte ho like godt i stand rideleir. I grupper på fire får dei koma ei veke kvar til Sunde gard.

Rideinstruktøren var litt usikker på om ho kom til å klara å fylla opp tre grupper, men det vart ingen problem.

– Etter ein dag var det ikkje fleire plassar igjen, fortel ho.

June går vanlegvis sjølv på hesteskule. I vekedagane bur ho på Voss, der ho går på vidaregåande på hest- og hovslagerlinje.

– Det er ei veldig allsidig linje, vi lærer så mykje forskjellig om hest. Og det er det eg har lyst å visa jentene på rideleiren også – nemleg kor mykje ein kan bruka hesten til.

June tek mellom anna elevane sine med på rideturar, på stallarbeid som møkking, på vognkøyring og på miljøtrening. Jentene har også måtta prøva å styra kvarandre i blinde, med same signal som dei gir hestane.

– Eg er veldig oppteken av at dei skal læra og forstå korleis hesten har det, fortel June.

Mykje erfaring

June har alltid vore interessert i hest, og har ridd fast sidan fjerde klasse. Då ho gjekk i sjuande klasse fekk ho sin første eigne hest. No har ho tre, og det er desse jentene på rideleiren får ri på.

17-åringen har allereie mykje erfaring med å vera rideinstruktør. Då ho gjekk i niande klasse starta ho å ha elevar fast. I to år hadde ho ridetimar tre gonger i veka, med tre elevar kvar gong.

Bea Røssland Telset (9) øver på å føra hesten Alexander i slalåm mellom stolpane. Bak f.v. står Victoria Håvik Pedersen (10) og June Eitrheim Pedersen.

Lærer av kvarandre

Kursdeltakarane den første veka er Bea Røssland Telset (9), Victoria Seljelid Joleik (13), Victoria Håvik Pedersen (10) og Oda Kvamme (12).

– Det er litt aldersskilnadar mellom dei, men det gjer ingenting. Dei hjelper og lærer av kvarandre, og eg gir dei ulike utfordringar avhengig av kor langt dei er komne, fortel June.

Elevane verkar nøgde.

– Det er veldig gøy!, er dei einige om.

– Det kjekkaste har vore å ri baklengs, fortel Bea.

Og June er også nøgd med elevane sine.

– Dei er så flinke og kjekke. Vi blir veldig gode venner trass i aldersskilnadane. Det er nok fordi vi har ei så sterk felles interesse.

Assistent

Emily Hartveit (14) er med som ei hjelpande hand på rideleiren. Det er greitt å vera to når dei skal ha kontroll på elevar, hestar, utstyr og aktivitetar.

– Eg hadde ikkje klart meg utan hjelpa eg får frå Emily, seier June takksamt.

Sjølv om vi snakkar med June andre dagen i den første av dei tre vekene, har ho allereie planane klare til neste år:

– Dette er veldig kjekt, så eg kjem nok til å gjera det igjen, smilar ho.

Les meir på Kvinnheringen.no!