Møt rekord-redaktør Ragnfrid!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ragnfrid Trohaug har jobba som redaktør i Samlaget i 11 år. Ho har vore redaktør for fire vinnarar av Uprisen – årets ungdomsbok, og for fleire nominerte bøker til prisen. No ventar nye utfordringar i Cappelen Damm.

Som redaktør i Samlaget har Ragnfrid stått bak Upris-vinnarane Handgranateple av Ingelin Røssland (2007), Landet under isen av Lars Mæhle (2010), Dystopia III av Terje Torkildsen (2012) og årets vinnar, Galderstjerna av Asbjørn Rydland.

Kva er hemmelegheita bak suksessen?
– Hemmelegheita har kanskje vore å løfte sjangrar og forfattarskap som ein ser har potensiale til å treffe målgruppa midt i planeten, og å arbeide så mykje saman med forfattaren at stoffet, språket, identifikasjonen og dramaturgien er på plass.

Galderstjerna av Asbjørn Rydland vann Uprisen for Årets ungdomsbok i år.

– Korleis oppdaga du Asbjørn Rydland?
– Historia om Asbjørn Rydland er eit lærestykke i korleis ein skal opptre som redaktør, ein skal nemleg vere vaken og sjå mogleg talent sjølv når det er lite å gå etter. Han sendte inn eit synopsis og nokre få sider tekst, eg ante ingenting om han, men såg med ein gong at her var det noko. Det var travelt og rett før ferien, men eg fekk skrive til han at dette var lovande, at han måtte bruke sommaren på å skrive meir og vise meg meir. Det gjorde han heldigvis.

– Korleis jobbar du med bøkene hans?
– Vi har alltid møte om historia først, vi snakkar ofte før eg får tekst. Asbjørn har mykje klart i hovudet heilt frå starten av, så da kan eg stille spørsmål til det han fortel om. Så skriv Asbjørn og han er ein veldig gjennomtenkt forfattar som leverer frå seg gjennomtenkt tekst. Prosessane med Asbjørn og bøkene hans glir veldig godt, og det er mellom anna fordi han har ting så klart føre seg når han går i gang. Vi snakkar også mykje om det visuelle utrykket vi vil ha på omslaget, og designar Marius Renberg har gjort alle omslaga til Rydlands bøker og vi har hatt grundige diskusjonar saman alle tre.

– Kvifor trur du han vann Uprisen med Galderstjerna?
– Fordi han har skrive ei bok om noko han kan, nemleg gaming og norrøn mytologi, og det i eit fabelaktig godt språk og med personar som ein kan identifisere seg med. Det er ei vinnaroppskrift. Då fantasybølja kom, var det mange som ville kaste seg på. Då hadde Asbjørn allereie drive med laiving og lese fantasy  og scifi i tjue år. Han er på innsida i sjangeren, og det visast.

– Kva slags kvalitetar har ein Upris-vinnar?
– Upris-vinnarane frå Samlaget varierer i sjanger, men alle byr lesaren opp til dans og slepp deg ikkje før du er ferdig. Alle har eit godt språk, som lesaren kan flyte på og kvile i. Det har mykje å seie. I tillegg grip historiene tak i deg som lesar, det er essensielt.

– Kva slags Upris-vinnar er din favoritt?
– Eg er aller mest stolt av variasjonen i sjanger: at «Handgranateple» som er ei realistisk bok vinn same prisen som tjukke fantasybøker som «Landet under isen» og no «Galderstjerna». At Terje Torkildsen gjorde kunststykket å vinne to gongar, er også heilt utruleg.

– Sjølv om Samlaget har vunne Uprisen mange gonger blir nynorske ungdomsbøker ofte med fordommar, særleg viss dei ikkje fell i smak. Kva tenkjer du er utfordringa?
– Mange av Upris-vinnarbøkene har juryen først vegra seg for å lese, fordi dei er på nynorsk. Då er det viktig at bøkene har ambassadørar, både blant ungdommane og formidlarane, slik at ein kjem over den første terskelen. Gjer ein det, vil lesaren kunne bli dregen inn i handlinga. Om boka ikkje fell i smak, er det riktig at lesaren koplar det til språket og ikkje til at boka kanskje ikkje var god dramaturgisk, ikkje snakka til målgruppa etc. Dette er loddet til den som er minoritet. Vi menneske koplar gjerne det vi ikkje liker ved noko eller nokon til det at det eller den er annleis. Om eg til dømes er høglytt, er det lett å seie: «det er fordi ho er nordnorsk», fordi det er eit merke på annleisheit, i staden for å seie at ho er høglytt, rett og slett.

– Kva er positivt med ungdom som kritikarar?
– Det er stas at det finst ein pris som ungdommane sjølve rår over frå start til slutt, og som redaktør for nynorske bøker er det ekstra stas, i og med at det gjennom tidene ofte har blitt mumla om at prisvinnande, nynorsk BU-litteratur fell mest i smak hos vaksne kritikarar og juryar. Uprisen gjer dette til skamme.

– Upris-grunngjevingane er alltid ei påminning om at god dramaturgi er nøkkelen for ein vellykka ungdomsroman, dei held alltid fram korleis drivet i forteljinga gjorde at dei likte boka. Men eg meiner at det viktigaste med Uprisen, på same vis som Ungdommens kritikarpris, er at unge lesarar lærer å samtale om litteratur.

– For det unge lesarar ofte ikkje er gode til eller trena i, er å kvalifisere og utdjupe kvifor dei liker eller ikkje liker noko. Det å kunne grunngje fråsegnene sine, kjem godt med i livet generelt, ikkje berre i litteraturdiskusjon.

– Kvifor er ungdomslitteratur og formidlinga av den så viktig?
– Ungdomslitteraturen er ein stad lesaren kan få språk for seg sjølv og den han eller ho er; det er ufatteleg viktig og gjer det heilt nødvendig med formidling sånn at ein veit at teksten og lesaren når kvarandre.

– Kva las du då du var ungdom og korleis har leselysta påverka deg?
– Eg er av dei heldige som ikkje hoppa over ungdomsbøkene. Eg las alt som kom i Ungdomsbokklubben, las «Anne frå Bjørkely» framlengs og baklengs, ville flytte til Torshov på grunn av «Pelle og Proffen»-bøkene, levde meg inn i «Skyggen over steinbenken»-bøkene til Maria Gripe og lengta ut i verda for å kysse med Kim Småges «Interrail».

Bøker i alle rom

Ragnfrid vaks opp i Bodø i ein heim med bøker i alle rom, bortsett frå på badet. Då ho var 16 år, fekk ho stipend for å gå på internasjonal vidaregåande skule i Wales, UWC of the Atlantic. Der hadde ho tysk, norsk og engelsk som fordjupingsfag og fekk lese dei mest vidunderlege ting.

– Tenk eit norskfag som berre handla om litteratur! Tysktimar med fablar av Kafka og engelsktimar med intense diskusjonar om «Brave New World» og «Macbeth»!

Det var desse to åra med store leseopplevingar og dyktige lærarar som gjorde at Ragnfrid tvilte seg fram til å velje litteraturvitskap i Bergen framfor jussen i Oslo.

– Etter mange år med litteraturstudie ville eg skrive, og eg hamna i bokbransjen gjennom å debutere som ungdomsbokforfattar. Etter kvart skjønte eg at eg hadde lyst å arbeide meir overordna med litteratur, vere med på å hjelpe andre til å skape gjennom å vere redaktør.

– Kva har vore dei største triumfane som redaktør?
– Den største triumfen som redaktør er nettopp desse Upris-vinnarane, beviset på at det ikkje berre er vaksenjuryar som gir pris til nynorskbøker, men ungdommane sjølve.

– Kva går redaktør-gjerninga ut på?
– En redaktør skal hente det beste ut av ein forfattar og ein tekst, det er som å vere fotballtrenar eller lærar, som sagt er hjelpekunstnar det beste ordet eg har for redaktørrolla. Ein skal syte for at den som skriv skal klare å gjere sitt beste, og ein skal klare å halde overblikket og tråden der kanskje forfattaren går seg litt vill i eige stoff og eigne tankar. Det får ein best til gjennom samtalen, skriftleg og munnleg; mange av dei beste ideane til forfattarane oppstår i samtalen med redaktøren. Redaktøren er ein medspelar som er med på å løfte boka, ein lesar som les med mange ulike briller på. Som redaktør les ein aller mest manus, så vi les same boka mange gongar. Akkurat no, på jobb, les eg aller siste korrektur av Maria Parrs tredje bok «Keeperen og havet».

– Kva tenkjer du er din styrke som redaktør?
– At eg vil lesaren, forfattaren og teksten vel og alltid prøver å sjå kvar mitt eige blikk kan utfylle forfattarblikket. Og at eg er entusiastisk, det trur eg kjem godt med ofte.

– Du er redaktør og forfattar. Kva er likt og ulikt?
– Både som redaktør og forfattar vil eg lesaren vel, eg vil seie noko, anten det er gjennom å hjelpe andre forfattarar til å seie noko, eller det er å seie det sjølv. Som redaktør er eg hjelpekunstnar og medskapar, som forfattar er eg hovudskapar, det er nok største skilnaden.

– Etter 11 år i Samlaget, fire Upris-vinnarar og fleire nominerte, er Ragnfrid no klar for nye utfordringar i Cappelen Damm. Kva tenkjer du om det?

– Å få vere med på å stake ut kursen vidare for Noregs største barne- og ungdomsbokforlag saman med forfattarane, illustratørane og alle dei dyktige folka i BU-avdelinga i Cappelen Damm, kan ikkje karakteriserast som anna enn spennande! Å få arbeide ein stad kor det finst ei heil, stor avdeling kor alle arbeider med BU-litteratur og det åleine, er eit eventyr i seg sjølv. Når det gjeld Uprisen hadde Cappelen Damm flest nominerte i år, så kursen og ambisjonen ligg der allereie.