– Gi seksåringane førskulen tilbake

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier pedagogikkprofessor Peder Haug ved Høgskulen i Volda i eit intervju med barnehage.no 1 , ein journalistisk nettstad som er eigd av Private Barnehagers Landsforbund.

Skulereforma Reform 97 medførte mellom anna at skulestarten vart senka frå sju år til seks år. Førsteklasse skulle ha eit klart førskulepreg, leseopplæringa skulle ikkje starte før i andre klasse og barnehagepedagogikken skulle vere med heilt til fjerde klasse.

Haug seier at den tidlegare skulestarten ikkje har vorte evaluert i det heile, og at internasjonale undersøkingar ikkje dokumenterer nokon effekt av Reform 97.

Haug meiner det er urealistisk at seksåringane skal gå i barnehagen att, fordi det vil krevje ei massiv utbygging av barnehageplassar. Haug meiner i staden at leikande aktivitetar må bli sidestilt med norsk og matematikk i førsteklasse.

– Borna som er fødde etter 1. august er trass alt berre fem år når dei set seg på skulebenken, seier han til Barnehage.no.

Saka stod først publisert i Møre-Nytt.