Dammen hans låg i vegen for jernbanetunnel – no har han fått ein ny heim

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne salamanderen får ny heim til 150.000

Bane NOR har laga ein ny salamanderdam ved Eidsvoll prestegard. Ferske målingar viser at mange småsalamandrar som stod i fare for å bli heimlause, allereie har flytta inn og budd seg til.

– Den gamle hagedammen i prestegardshagen må vike når arbeida med ny jernbanetunnel går i gang i 2019, og innbyggjarane i hagedammen, småsalamandrane, må finne seg ein ny bustad. I fjor laga Bane NOR ein ny gardsdam på den andre sida av prestegardshagen, som erstatningshusvære for småsalamandrane i byggjefasen, fortel koordinator for ytre miljø i Bane NOR, Linda Taje, til nettstaden banenor.no.

Kjell Sandaas og Linda Taje ved den nye salamanderdammen som Bane NOR har laga ved Eidsvoll prestegård. Foto: Hilde Marie Braaten

Den nye jernbanetunnelen skal byggjast i open byggjegrop der den gamle dammen ligg, og Bane NOR brukar mellom 120.000 og 150.000 kroner på flytteprosessen til salamandrane.

– Småsalamandrane søkjer naturleg etter nye dammar når den gamle forsvinn. No er gardsdammen klar til innflytting, og ut frå ferske teljingar trur eg at dammen allereie har blitt ny bustad for eit par hundre småsalamandrar. Salamandrane er lettare å telje i paringstida, fortel Kjell Sandaas, naturfagleg konsulent og ambifieentusiast, som hjelper Bane NOR med kartlegging og flytteprosess.

– Dyr bestemmer sjølve kvar dei vil bu, for slik er naturen. Men vi er førebudde på å hjelpe dei med å flytte neste sommar. Vi samlar dei inn med ruser og fraktar dei over til den nye dammen, legg Sandaas til.

Når den nye jernbanetunnelen står ferdig i 2022/23, vil Bane NOR reetablere småsalamanderdammen i prestegardshagen igjen, der den gamle dammen låg. Landskapet får også ein ny dam i tillegg til den gamle og salamanderriket har vakse seg større og sterkare.