Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp er i full gang med førebuingane til valkampen, og har denne veka leita etter «en muslimsk kvinne i alderen 30-45 til en reklamefilm». «Scenene man skal være med i er i en butikk, hvor man skal være kunde. Ingen replikker», står det vidare i annonsen Frp har lagt ut på statist.no.

Opptaka skulle etter planen føregå torsdag 22. juni, men annonsen vekte først merksemd i dag då Eivind Trædal frå Miljøpartiet dei Grøne delte han på Twitter og Facebook med kommentaren «wtf»:

Ap-politikar Hadia Tajik, som fyller spesfikasjonane til religion, kjønn og alder, kasta seg raskt over saka og stilte seg til disposisjon for rolla – på nokre vilkår. Ho meinte det måtte venta til etter Eid, då muslimane markerer slutten på fastemånaden ramadan:

Meldinga blei godt tatt imot på den sosiale nettstaden. «Hadia for President», «Drømmestatsministeremne» og «Herlig!» var nokre av kommentarane som rann inn.

«Eid. I dobbel forstand», skreiv Twitter-brukaren Gunnar Vidnes.

Ifølgje Filter Nyheter, som har fått ein kommentar frå marknadssjef Helge Fossum i Frp, skal filmen handla om at partiet vil forby bruk av burka og nikab i det offentlege rommet.

Fossum uttalar også at Tajik er hjarteleg velkomen til å debattera temaet i ein film med Frp om ho ønskjer det.