Erik (17) er klar for å læra andre å padla

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fødd i ein kajakk er han ikkje, men det er sanneleg ikkje langt ifrå. Vi snakkar om 17 år gamle Erik Solberg på Sunde. Han snakkar som ein foss om livet på sjøen og kan knapt begripa at dette livet er uprøvd for mange. Slik kan det gå når ein har foreldre som har padla kajakk i heile sitt vaksne liv, nærare bestemt Nils Ivar Solberg og Unni Lisbeth Voster Solberg, paret som starta opp med enkeltpersonsføretaket Kvinnherad Kajakksenter for rundt 10 år sidan.

– Frå lenge før eg kan hugsa var eg med pappa på padleturar. Eg vart plassert i bagasjerommet, og følgde med på det som skjedde derfrå, fortel Erik frå sine første møte med sjøen i låg farkost.

– Men eg hugsar då eg fekk den første kajakken min. Den var blå og fin, og eg var sju og glad, legg han til med eit smil.

Fin sommarjobb

Denne sommaren blir Erik å treffa i naustet til Kvinnherad Kajakksenter i båthamna på Sunde. Sommarjobben er i boks.

– Eg var her ein god del i fjor sommar òg. Å få annan sommarjobb er vanskeleg når ein er under 18 år, derfor bad eg foreldra mine om å gi nytt liv til kajakksenteret, slik at eg kunne gjera ein jobb her, fortel han.

Foreldra hans tok nemleg det med senteret litt roleg i ein periode, men denne sommaren blir det fullt køyr med Erik som ankermann.

– Eg er veldig motivert, så kvifor ikkje nytta seg av det? spør han med ein setning som har svaret i seg.

Erik blir ikkje heilt åleine i kajakksenteret. Foreldra vil vera der med kompetansen sin når det trengst.

Variert

Aktiviteten i kajakksenteret er tredelt. Det kvitmåla naustet er fylt opp med diverse kajakkar til utleige, vere seg enkelkajakk, dobbelkajakk eller barnekajakk. Rette klede og rette sko får ein leigd same plassen.

– Leiger de ut til heilt ferske òg?

– Viss ein aldri har vore i ein kajakk før, er vi litt skeptiske. Men vi stiller ingen formelle krav, fortel den blide og engasjerte sommarvikaren.

Erik håpar òg det skal vera moglege å få i stand faste påmeldingsturar av ulike typar, men kan ikkje lova noko enno. Det vil uansett gå an for ei gruppe å avtale ein tur med guide/instruktør, forstår vi.

Ein viktig del av livet i kajakksenteret er kurstilbodet. Erik manglar sjølv det siste kurset før han kan godkjennast som kursansvarleg, men han kan meir enn nok til å assistera andre instruktørar – som i praksis er foreldra hans.

– Sjølv manglar eg berre kurset som heiter Aktivitetsleiarkurset for å bli godkjent instruktør. Planen er å ta det kurset i løpet av sommaren.

For nybegynnarar

Kvinnherad Kajakksenter har to ulike kurs å tilby. Begge er for nybegynnarar. Det eine heiter Introduksjonskurs og varer i tre timar. Kurset startar med ein kort teoridel før det ber strake vegen til sjøs. Her lærer ein det grunnleggjande for å ta seg fram på eiga hand, dessutan nokre redningsteknikkar.

– Tre timar høyrest lite ut, men du vil ikkje tru kor fort ein lærer å halda balansen, hevdar Erik.

Kurs nummer to heiter Nybegynnarkurs og er litt meir omfattande. I løpet av 16 timar over to dagar lærer ein fleire teknikkar og redningsmåtar.

– Eit bra kurs som både gir trening og tryggleik, reklamerer han.

– Inngår eskimorulle? spør vi, og trur at Erik vil bli ei aning imponert over at vi veit at dette er noko ein god padlar må kunna. Men Erik flirer forsiktig, for her har vi snarare røpt kor lite vi veit.

– Eskimorulle er langt frå ein vanleg måte å redda seg på. Det er berre noko mange trur. Dei viktigaste metodane ein lærer på kurset er kameratredning og cowboy-redning, fortel han.

Kameratredning kjem til nytte når ein er to i kajakken, medan cowboyen er åleine i farkosten.

Begge kursa er lagt opp i tråd med retningslinjene frå Norges Padleforbund og blir premierte med eit såkalla «Våttkort».

Kick

For Erik fell det å oppleva sjøen og naturen frå ein liten kajakk heilt naturleg, men likevel greier han å setja nokre ord på gledene.

– Å la seg driva av garde i stille sjø og studera fugleliv og anna, er veldig flott og avslappande, hevdar han.

Men han likar òg litt barskare turar i bølgjer lengre ute på sjøen.

– Det blir to ulike måtar å padla på, og begge delar er bra. Tøffe turar eit stykke frå land kan gi herlege kick, vedgår han.

Nybegynnarkurset vert gjerne avslutta med ein padletur frå Sunde Båthamn til Bjellandsneset, og tilbake igjen. Turen byr både på roleg padling langs land og eit litt tøffare stykke rundt neset.

– Ein verkeleg fin tur vi håpar å få mange med på i sommar, helsar unge Erik Solberg.

Saka blei først publisert i Kvinnheringen.