Tre Hedda-prisar til Det Norske Teatret
EDDA fekk to prisar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heddaprisen blei delt ut for 20. gong på sundag.
Robert Wilson fekk Heddaprisen for Beste scenografi/kostymedesign for Edda. I tillegg vann Edda-ensembelet ein Heddapris for Særleg kunstnerisk innsats.
Edda er ei framsyning basert på utdrag frå Jon Fosses gjendikting av Den eldre Edda – dei norrøne gudedikta som blei skrivne ned på Island på 1200-talet – men i Robert Wilsons hender blir det storslagne tablå, ekstravagante kostyme, outrert sminke og musikk som står i første rekke.
Toralv Maurstad vann Heddaprisen i kategorien Beste mannlege skuespelar/medspelar for rolla i Overføring.
Prisen for årets førestilling gjekk til Orlando av Sigrid Strøm Reibo og Njål Helge Mjøs etter Virginia Woolf. Regissør er Sigrid Strøm Reibo ved Rogaland Teater.
Æresprisen gjekk til Bjørn Sundquist.
Sjå lista over alle vinnarane her!
Sjå trailer for EDDA her: