Snart lov å prøva ut sjølvkøyrande bilar i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa ynskjer å legga til rette for at framtidsretta teknologi skal takast i bruk. Dei foreslår eit nytt lovverk for å prøve ut sjølvkøyrande køyretøy.

– Til nå har lovverket sett avgrensingar for utprøving av sjølvkøyrande teknologi, og dermed også for vidare utvikling. Ved å opna for utprøving av sjølvkøyrande køyretøy, legg regjeringa til rette for utvikling og utprøving av ny teknologi, og bidreg til å sikre gode konkurranseforhold for norske teknologibedrifter, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Utprøvinga skal skje gradvis og innanfor rammer som tek særleg omsyn til trafikktryggleik og personvern. Eit mål er òg å avdekka kva effektar sjølvkøyrande køyretøy kan ha for trafikktryggleiken, fortel samferdselsministeren.

LES OGSÅ: FpU: Tvilar på forbod mot menneskelege sjåførar

– Den raske utviklinga av ny teknologi i transportsektoren, og særleg på køyretøyområdet, får venteleg mykje å seie for meir effektiv trafikkavvikling, auka mobilitet, miljø og vil ikkje minst vere svært viktig for trafikktryggleiken, seier Solvik-Olsen.

Dei som ynskjer å prøve ut sjølvkøyrande køyretøy, kan søkje styresmaktene om dette. Løyva kan til dømes bli gitt til ei verksemd eller firma, og ein fysisk person må ha ansvaret for at forsøket blir gjennomført i samsvar med reglane. Det må òg kunne dokumenterast at køyretøyet kan handsama alle situasjonar som kan oppstå under køyring, på ein trafikksikker måte.

LES OGSÅ: Førarlause bilar kan ta vekk behovet for motorvegar

LES OGSÅ: Sjølvkøyrande bilar: Kven må døy?