Sjølvkøyrande bilar vil revolusjonera måten me kjem oss rundt på, meiner Fredrik Juel Hagen i FpU.

mm

I sommar varsla samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at regjeringa arbeider med ei prøveordning for sjølvkøyrande bilar.

Framstegspartiets Ungdom føreslo allereie i 2015 å prøva ut sjølvkøyrande bilar på norske vegar.

– Utviklinga av sjølvkøyrande bilar har gått i eit eksplosivt tempo dei siste åra. Bilane køyrer allereie rundt i Storbritannia, Frankrike og fleire delstatar i USA, men ingen har testa ut desse bilane under tøffe norske tilhøve. Så for å få fare på utviklinga ønskjer me å stilla vårt langstrakte land til disposisjon, med alle fjella våre, fjordar og dalar, seier sentralstyremedlem i FpU, Fredrik Juel Hagen.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Ny Tesla blir autonom
Etter planen skal Tesla Motors levera den første autonome bilen deira allereie til hausten neste år. I tillegg har mange av dei andre store bilfabrikantane planar om å lansera sine autonome modellar i åra framover.

– Den største fordelen med sjølvkøyrande bilar er utvilsame trafikktryggleiken. Menneskeleg svikt er årsaka til dei fleste ulukker på vegane. Fjernar du mennesket bak rattet får du ikkje berre betre tryggleik, men òg høve for høgare fart og betre trafikkflyt. Det er sjølvsagt eit stykke til ein kjem dit, men høva ligg der, seier Fredrik Juel Hagen til Framtida.no.

– Kva kan sjølvkøyrande bilar ha å seia for behovet for kollektivtrafikk i framtida, trur du?

– Det vil sjølvsagt vera behov for kollektivtransport òg i framtida, men kanskje ikkje den forma vi kjenner det i dag. I stor skala kan ein sjå for seg ein flåte av bilar som køyrer folk rundt – frå dør til dør – for berre ein brøkdel av kva det kostar å ta ei drosje i dag. For mange kan dette fjerne behovet for å eiga eigen bil.

LES OGSÅ: Grønare med førarlause bilar

– Bør det takast omsyn til sjølvkøyrande bilar når nye vegar skal planleggast og byggast?

– Førebels jobbar bilbransjen med å tilpassa sine sjølvkøyrande bilar til vegar laget for menneske. På sikt kan det vera ein bør tenkja bil og veg meir heilskapleg. Eit døme er korleis vegmerking kan bli så tydeleg laga som mogleg, ikkje berre for folk, men òg datamaskiner. Skilt og lys er praktisk for menneske, men ein bil vil kanskje føretrekka eit digitalt signal.

– Trur du me kan oppleva at alle bilar vert sjølvkøyrande?

– Viss ein skal tru bransjen vil nok dei aller fleste bilar vera autonome innan eit par tiår. Likevel vil det neppe overta for alle. Motorsport og bilkultur er for mange ein lidenskap ein ikkje gjev slepp på. Dei første mp3-spelarane og Spotify kom på starten av 2000-talet. Likevel bruker entusiastane enno store pengar på vinylplater. Vi menneske tek ofte andre val enn det som berre er praktisk.

– Trur du at FpU ein gong kan gå inn for å påby at alle bilar skal vera sjølvkøyrande?

– Det tvilar eg på. Det skal vera plass til alle på vegen. Ikkje berre tradisjonelle bilar, men òg MC og på mange strekningar tråsyklar. Her må ein sjølvsagt følgja utviklinga i samfunnet og teknologien. Kanskje debatten heller vil handla om det er føremålstenleg med eigne køyrefiler for sjølvkøyrande bilar dersom det gjev betre tryggleik og trafikkflyt.

LES OGSÅ: Slik endrar teknologien jobbkvardagen

Oppdatert: tysdag 13. juni 2017 09.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE