Jon Fosse: – Difor kom prisen til rett tid

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter å ha vore ein klar favoritt vann Jon Fosse endeleg Nordisk Råds litteraturpris. Prisen får han for trilogien: Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd.

– Denne prisen kom til meg på eit veldig rett tidspunkt, sa Fosse då han inntok podiet i Kulturhuset Harpa i Reykjavik i kveld.

Fosse var òg nominert i 2001. Den gongen gjekk prisen til Jan Kjærstad.

Litteraturpris er den nest viktigaste ein nordisk forfattar kan vinna, etter Nobelprisen.

Meld deg på nyhendebrevet vårt som kjem med siste boknytt kvar tysdag!

Jury: – Eit høgdepunkt
Fosse seier dette om tildelinga:

– Eg er svært takksam for å få Nordisk råds litteraturpris. Eg har fått mange prisar, men dei fleste for dramatikken eller for ålment forfattarskap. Sjølv meiner eg at eg er like mykje prosaist som dramatikar, og i åra framover er det prosa eg har tenkt å skriva, ikkje dramatikk. Difor kom denne prisen til rett tid, det kunne ikkje ha passa betre, og eg er djupt glad og takksam.

Juryen som innstilte Fosse som den eine av to norske kandidatar kallar trilogien «et høydepunkt i nyere norsk romanlitteratur.»

Andvake-trilogien er ei intens forteljing om to elskande, Asle og Alida, som prøver å finne sin stad i verda.

Dei tre delane i trilogien, Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) har blitt hylla av kritikarane for å vere eit meisterverk, og noko av det finaste og vakraste Fosse har skrive. Forteljingane kom ut samla i eit band i fjor, med tittelen Trilogien. Bøkene er ute eller under utgjeving på fleire språk, mellom anna tysk, engelsk, fransk og italiensk.

Sjå dei andre nominerte!

Barne- og ungdomsprisen til Sverige
Barne- og ungdomslitteraturprisen gjekk til Jakob Wegelius frå Sverige for romanen Mördarens apa. Boka er både ei sjømannshistorie, ei detektivhistorie og ei eventyrforteljing.

Dei norske nominerte var Simon Stranger med De som ikke finnes og Geir Gulliksen og Anna Fiske (Ill.) med Joel og Io. En kjærlighetshistorie. Sjå dei andre nominerte her!

Filmprisen var den første av kveldens prisar som blei delt ut, og gjekk til den islandske regissøren Dagur Kári og hans produsentar for «Fúsi».

Meld deg på nyhendebrevet vårt som kjem med siste boknytt kvar tysdag!

Faktaboks

· Prisen har blitt delt ut sidan 1962 til eit skjønnlitterært verk som er skrive på eitt av dei nordiske språka.
· To forfattarar frå kvart av dei nordiske land er nominert, i tillegg til éin forfattar frå Færøyane, Grønland, Åland og det samiske språkområdet.
· Vinnaren får 350.000 kroner.
· Ti norske forfattarar har vunne prisen. Den siste var Merethe Lindstrøm i 2012 med romanen «Dager i stillhetens historie».