Ein av fem skular kan ikkje dokumentere greitt radonnivå

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Radon er ein luktfri og usynleg radioaktiv gass som blir knytt til auka risiko for lungekreft når den finst i inneluft. Det har vore ei grense for radon i skular sidan 2014, og i vinter gjennomførte Nettverk for miljønettet folkehelsearbeid (NEMFO) ein kampanje for å finne ut korleis det står til.

Resultata viser at kvar femte skule ikkje kan vise til tilfredsstillande radonnivå, men berre i få tilfelle kjem det av at skulane hadde høge radonmålingar utan å gjere noko med det.

– Mange skular har målt radon, men det er for mange som ikkje har målt eller ikkje har målt på ein god nok måte. Undersøkinga gir oss ein god indikasjon på radonsituasjonen i skulenoreg, seier seniorrådgjevar Bård Olsen i Statens strålevern.

Det er mykje som tyder på manglande kompetanse, systematikk og oversikt når det gjeld utføring av radonmålingar og kva som eventuelt skal gjerast. Det er kommunane som har ansvar for å følgje opp at grensa for radon i inneluft blir haldne i barne-, ungdoms- og vidaregåande skular.

FÅ OGSÅ MED DEG: Kraftig auke av kreft som kan førebyggjast