Erlend Skjetne
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var riktig nok synd at han berre skreiv det i ein kommentar på Facebook – han burde heller sagt det frå ein talarstol, helst på Stortinget. Uansett: Dei negative reaksjonane lét ikkje vente på seg. Men Bjørndahl hadde bein i nasen, og sa til media at han ikkje angra. «Noen ganger må man si det som det er,» ytra han til NRK.

Det var inga støtte å få frå partiet. «Det er både trist og beklagelig at han bruker slik retorikk. Det er ikke slik man skal ha en politisk debatt fra vårt ståsted,» sa fylkesleiar i AP Aust-Agder Jon-Rolf Næss. «Det er helt uakseptabelt og hører på ingen måte hjemme i det politiske ordskiftet. Vi skal diskutere politikk og uenighet og gjerne konfrontere hardt, men ikke bruke personkarakteristikker og den type usakligheter,» sa partisekretær Kjersti Stenseng.

Så til slutt bukka Bjørndahl under: «Jeg har i dag beklaget at jeg brukte de ordene mot Sylvi Listhaug. Slike ord bidrar ikke til konstruktiv debatt. Det var rett og slett et innfall av frustrasjon i forhold til det jeg oppfatter som negativ propaganda.» Med andre ord: Bjørndahl meiner framleis at Listhaug er ei jævla rasistkjerring; det han orsakar er at han sa det han meiner.

Er ho ei «jævla feministkjerring»? Foto: Olav Heggø/Fotovisjon

LES OGSÅ: Til åtak mot på Listhaug sin retorikk

At eg er fullstendig samd med han, og gladeleg ville brukt langt sterkare karakteristikkar enn han gjorde om det brekkekle hespetreet Listhaug, er i denne samanhengen uvesentleg. Generelt synst eg det er fint med ein politikar som seier det han meiner. Hadde Sylvi Listhaug våga å innrømme at ho er ein rasist, ville eg hatt litt vyrdnad for henne òg.

Ein av mine favorittanekdotar frå politikken, handlar om ei tale som Venezuelas president Hugo Chávez heldt for generalforsamlinga i FN. Dagen før hadde USAs president George W. Bush stått på same talarstol, og Chávez sa difor fylgjande: «Djevelen kom hit i går, og han luktar svovel enno i dag, den talarstolen eg står på.» Deretter gjorde han krossens teikn, og falda hendene til ei lita bøn. I ettertid fekk han kritikk frå Rafael Correa, seinare president i Ecuador: «Å samanlikne George W. Bush med Djevelen er ei fornærming mot Djevelen. For vel er Djevelen vondskapsfull, men han er i det minste intelligent.»

Hugo Chávez på besøk i Guatemala i 2008. Foto: Valter Campanato/ABr/Wikipedia/CC-lisens

LES OGSÅSlik møter du nedsettande ytringar på nett

Det blir gjort eit poeng av at Gjermund Orrego Bjørndahl er leiar i Arendals oppvekstkomité og fylkesleiar i Skolenes landsforbund, og at han som sådan har eit spesielt ansvar som førebilete for born og unge. Vel, ungane bruker nok allereie verre ord enn «jævla rasistkjerring» om kvarandre i skulegarden, og eg tviler på at dei bryr seg nemneverdig om ordkløyveriet mellom norske politikarar, anten dei no er lokale eller sentrale.

Sylvi Listhaug overlever iallfall fint. «Den som er med på leiken, må tole steiken,» hugsar eg den glimrande lærarinna vår sa til oss i småskulen, når einkvan klaga over at noko hadde gått for vidt i sandkassa eller på fotballbanen. Bjørndahls utspel mot Listhaug er ikkje eingong særleg mykje til steik. Det er ei fornærming, ja vel, men Listhaug står jo fritt til å ta attende med same mynt. Det er ikkje ei krenking, det er ikkje trakassering, det er ikkje hets, det kvalifiserer ikkje for bruk av eit einaste eit av alle desse moteorda som skal tvinge folk til å ytre seg i glatte og meiningstomme ordelag. Bjørndahls fråsegn var er eit ærleg uttrykk for ei oppriktig meining, og Noreg er eit demokratisk land der ein heldigvis har lov til å meine kva i helvete ein vil, for å seia det i Bjørndahls eigen stil.

FÅ OGSÅ MED DEG: Farlege ytringar

Knut Arild Hareide kan ikkje banna, så han er orsaka. Foto: KrF

Ja, som politikar er ein til og med forplikta til å meine noko – meiner eg. Det er den jobben ein har, ein får løn for det. Då må vi kunne forvente at politikarane er ærlege med oss, på godt og på vondt, om kva dei meiner. Men det er dei sjeldan. Statsministeren vår, til dømes, er nok såpass intelligent at ho meiner at Kina driv med grove menneskerettsbrot. Men ho tør ikkje å seia at ho meiner det. Ho meiner sannsynlegvis òg at Donald Trump er ein jævla idiot, men det tør ho heller ikkje seia. For å vera ærleg trur eg ikkje ho liker Sylvi Listhaug, men det tør ho iallfall ikkje seia. AP-leiar Jonas Gahr Støre liker definitivt ikkje Sylvi Listhaug, men det må han pakke inn i tusen diplomatiske vendingar. SV-leiar Audun Lysbakken og Rødt-leiar Bjørnar Moxnes misliker sannsynlegvis Sylvi Listhaug så sterkt at dei tenkjer akkurat som Gjermund Orrego Bjørndahl, at ho er ei jævla rasistkjerring. Men dei to har jo eit visst intellektuelt image å verne om. Stakkars Knut Arild Hareide i KrF er kanskje den av partileiarane som har aller mest lyst til å kalle Sylvi Listhaug det ho er. Men han kan jo ikkje banna, så han er orsaka.

Nei, det var til slutt ein stakkars lokalpolitikar i Aust-Agder som måtte ta bladet frå munnen og seia det så mange meiner, og han måtte til og med orsake at han sa det, for det var han dei store avisene prioriterte å skrive om. Eg forstår dei eigentleg godt: Det evige skoddepratet til stortingspolitikarane blir i lengda for keisamt til å fungere som nyheitsstoff – dei ekte meiningane finst berre i kommentarfelta på Facebook.