Han starta aksjon for strandrydding – no får han miljøpris

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han får miljøpris for strandryddeaksjon

Eldsjela og fiskeentusiasten Kenneth Bruvik frå Sotra fekk onsdag Miljøprisen til Hordaland fylkeskommune for arbeidet sitt med å få i gang strandrydding og å setje søkjelyset på marin forsøpling.

Bruvik fekk overrekt diplom, blomstrar og 50.000 kroner under fylkestingsmøtet i Hardanger onsdag.

Kenneth Bruvik starta aksjonen Frå vik til vik – rein kyst etter at ein kval vart funnen på Sotra med magen full av plast tidlegare i år.

– Prisen går til Bruvik fordi han er ein flott representant for alle dei frivillige som saman med han har rydda strender både før og etter at gåsenebbkvalen døydde, skriv Hordaland fylkeskommune om pristildelinga.

Juryen grunngir òg tildelinga med det arbeidet Bruvik gjer med å undervise og leggje til rette for naturopplevingar for vanskelegstilt ungdom.

– Miljøprisen er ei vedkjenning av alt arbeidet som er gjort. Det er mange som har vore med på ryddinga, og prisen går til alle som har plukka boss, seier Bruvik.