Forslag om ekstra fysisk aktivitet i skulen fekk ikkje fleirtal

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helsekomiteen på Stortinget kom måndag med innstillinga si til forslaget, som altså Ap, SV, Sp, KrF og MDG står bak. Dei ville gje regjeringa ordre om å finna ut korleis skuledagen kan organiserast for å sikra ein time fysisk aktivitet kvar dag.

Ein samla komité gjekk i staden inn for å be regjeringa fremja ein ny handlingsplan for fysisk aktivitet ikkje berre i skulen, men også i barnehagar, på arbeidsplassar, i eldreomsorga og fleire andre samfunnsområde.