No skal FN hindra diskriminering av kjønnsidentitet og seksualitet

Dei utnemner ein uavhengig ekspert som skal slå ned på diskrimineringa, i ei historisk avgjersle.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er FNs Menneskerettsråd som har stemt fram avgjersla om å utnemna ei uavhengig ekspert som skal observera og rapportera om diskriminering basert på seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Det skriv mellom andre ILGA (International Lesbian, Gay, Bisexual and Intersex Association), ein internasjonal organisasjon for LHBT.

Avgjersla kom 30. juni, i Genève, og bygger på to tidlegare resolusjonar frå 2011 og 2014.

– Dette er enormt. Dette er sjansen vår til å skapa internasjonal merksemd rundt spesifikke overtramp og utfordringar som transkjønna og ikkje-normative personar møter i alle regionar, seier Micah Grzywnowicz frå RFSL, ein svensk organisasjon for LHBT.

Avstemminga kjem som eit svar på ein kampanje frå 628 organisasjonar frå 151 land, som i lengre tid har ønska at Menneskerettsrådet skal vedta ein slik resolusjon. Masseskytinga i Orlando i juni, der 49 menneske mista livet på homoklubben Pulse.

– Hugs Orlando. Lat oss gi håp og verdigheit til fleire millionar, sa Jorge Lomónaco, den meksikanske ambassadøren, under møtet, ifølgje New York Times.

Fleire gode nyheiter:

No opnar det amerikanske forsvaret for transkjønna.

Pernille Sivertsen (29) er den nye leiaren av Skeiv Ungdom! Ho fekk starta karrieren med rekordstort oppmøte i Pride-paraden.

Canada vil forby diskriminering av transkjønna: «Alle skal kjenne seg trygge og frie til å vere seg sjølv», seier statsministeren.