Ingen av kommunane i vestlandsfylka har ei form for handlingsplan mot rasisme, syner ei kartlegging frå Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

NPK
NPK

Verken i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland eller Rogaland er det kommunar med eit planverk som i stor grad inneheld arbeid mot rasisme, skriv ungdomsrørsla til Norsk Folkehjelp. No utfordrar ho ordførarane på Vestlandet til å ta tak i problemet.

– Å seie at rasisme ikkje eksisterer i ein norsk kommune er like naivt som å seie at kjønnsdiskriminering ikkje finst. Det er ein hån mot dei som dagleg opplever diskriminering, til dømes ved at dei ikkje blir kalla inn til jobbintervju, ikkje får leilegheit eller blir møtt med hatefulle, rasistiske utsegner, seier nestleiar Philip Rynning Coker i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

– Ikkje godt nok
I kartlegginga opplyser to kommunar, Stavanger og Surnadal, at dei jobbar aktivt mot rasisme i fleire planverk. Ikkje godt nok, meiner Coker.

– At tiltak mot rasisme inngår i diverse planverk er rett og slett ikkje nok om vi skal få til ei skikkeleg endring. Vi saknar ei mykje meir direkte og konkret adressering av problemet.

På landsbasis er det berre Oslo som har ein dedikert handlingsplan mot rasisme, av dei som svara på undersøkinga. Ni andre kommunar har handlingsplanar som omfattar arbeid mot rasisme i vesentleg grad. (©NPK)

LES OGSÅ: «Ein etnisk norsk vil kanskje svara at vi ikkje har rasisme i Noreg»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13
ANNONSE