Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tapar valet, men vinn ungdomen

Det konservative partiet ligg an til å få fornya fleirtal med trygg margin når britane går til valurnene i dag. Men om Theresa May får halda fram som statsminister, er det mot dei unge veljarane si vilje.

Heile 68 prosent av dei mellom 18 og 24 år som har bestemt seg for å røysta ved valet, vil ifølgje ei nyleg meiningsmåling røysta på arbeidarpartiet Labour.

Det er nesten det dobbelte av oppslutnaden som Labour får i gjennomsnittet av dei vanlege meiningsmålingane, der dei ligg på 36.3 prosent ifølgje Britain Elects.

Tory-partiet til Theresa May, som ligg jamt over 40 prosent på målingane, får berre 16 prosent i oppslutnad blant dei unge i undersøkinga, som gjort i regi av organisasjonen Hope not Hate.

Også andre undersøkingar stadfestar generasjonskløfta i valkampen. Labour-leiar og statsministerkandidat Jeremy Corbyn, ein 68 år gamal venstreradikalar frå London, har i følgje denne målinga det aller meste av sin popularitet hos dei unge veljarane:

Øivind Bratberg, førstelektor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og styremedlem i British Politics Society Norway, meiner unge i Storbritannia tørstar etter ein annan politikk. Pressefoto.

– Tørst etter ein annan politikk
Statsvitar Øivind Bratberg meiner populariteten Corbyn har blant unge veljarar til dels handlar om ei ideologisk venstreorientering og idealisme, og dels om konkrete punkt i Labour sitt program som kjem unge til gode, som bustadbygging og å avskaffa studieavgifta.

– Det er ein tørst blant unge veljarar etter ein annan type politikk og ei ny samfunnsordning som ikkje kjem eliten til gode, men det store fleirtalet. Det er noko av det same som ein har sett i andre land; mellom anna var det også ei ungdomeleg mobilisering for Bernie Sanders i USA, seier Bratberg.

Sanders kjempa mot Hillary Clinton om å bli Demokratane sin presidentkandidat i valet i USA i fjor.

LES OGSÅ: Utvekslingsstudenten Albert (23) sanka røyster for Sanders

Generasjonskonflikt
Generasjonskonflikten i britisk politikk er ikkje ny, men han ser ut til å spissa seg meir og meir til. Ved sist parlamentsval i 2015 vann dei konservative klart mest blant veljarane over 65 år, og tapte blant dei under 25; i den yngste veljargruppa hadde Labour tilsvarande stor framgang og vann trygt med 43 prosent av røystene (Ipsos).

Valet enda med at David Cameron fekk danna ei konservativ fleirtalsregjering, og han haldt vallovnaden sin om å gjennomføra ei folkerøysting om britisk EU-medlemskap. I EU-avrøystinga året etter blei generasjonskløfta enno tydelegare, om me skal tru : Tre firedelar av dei yngste veljarane røysta for å bli i unionen, men dei eldre veljarane vippa fleirtalet i folket i favør av Brexit (Politico/YouGov).

Theresa May overtok som statsminister i Storbritannia etter Brexit-avrøystinga i fjor. Foto: Jay Allen

Brexit har vore eit viktig tema også i årets valkamp, men ikkje så dominerande som mange hadde trudd at det skulle bli. Bratberg peikar på at det liberaldemokratiske partiet (Lib Dem) var venta å mobilisera fleire unge veljarar på sin motstand mot Brexit, men det har ikkje skjedd. Heller ikkje det EU-venlege grøne partiet har klart å vinna fram.

– No har dei aller fleste gått til Labour i staden. Det ser ut til at dei vil ha ein «mjukare» Brexit, som ein del av ein større politikkpakke dei ønskjer seg, seier Storbritannia-eksperten.

I følgje undersøkinga frå Hope not Hate er Brexit berre det nest viktigaste temaet for dei unge veljarane, etter velferdsordningane i National Health Service (NHS), som Labour lovar å prioritera.

Få unge røystar
Kva dei unge røystar har uansett lite å seia så lenge det er så få av dei som faktisk tar turen til vallokalet. Labour og Corbyn festar håpet sitt til ei rekordhøg valdeltaking blant unge, som tradisjonelt er blant dei dårlegaste til å røysta.

I sosiale media har mange appellert til generasjonskonflikten for å mobilisera unge veljarar i  sluttspurten av valkampen:

Musikkmagasina NME og Kerrang! har tydeleg valt side i den britiske valkampen.

«Løgnar»
Populariteten til Jeremy Corbyn og upopulariteten til Theresa May blant dei unge har også gitt tydelege utslag i populærkulturen. Musikkmagasina NME og Kerrang rydda begge plass på framsida si til Corbyn i den siste utgåva før valet.

Berre ei veke før valet gjekk Captain Ska til topps på britiske hitlister med «Liar Liar», ein utvitydig protestsong retta mot Theresa May. I skrivande stund har videoen til songen blitt spelt av over to og ein halv millionar gonger på YouTube:

To dagar før valet la Cassetteboy ut videoen «Cassetteboy vs Theresa May», der artisten har klipt saman utdrag frå talar av Theresa May til ein tekst ho neppe ville ha skrive under på. Denne videoen fekk raskt over 800.000 visningar:

– Problem for statsministeren
Men kan desse forsøka på å få opp valdeltakinga føra fram?

– Det kan sjå ut til at det er ei viss mobilisering blant unge veljarar, med fleire som har førehandsregistrert seg for å røysta, seier Øivind Bratberg. Men, held han fram:

– Det er ikkje nok for Labour; det er også mange andre brikker som skal på plass for at dei skal ha ein sjanse mot Theresa May.

Etter å ha vore nederlagsdømt i starten av valkampen, har Labour og Corbyn henta seg meir og meir inn dei siste vekene, og på enkelte meiningsmålingar har det vore tilnærma daudt løp mellom dei to største partia. No tyder likevel det meste på at den dei konservative får styra vidare og fullføra Brexit-forhandlingane med EU.

At dei unge veljarane sviktar, er uansett eit problem for henne, meiner Bratberg.

– Det er eit problem for ein statsminister at ho ikkje klarar å samla heile folket. Om ho får fleirtal for å styra i fem nye år, kjem nok det konservative partiet til å prøva å utvikla ein politikk som i større grad appellerer til unge, trur statsvitaren.

Vallokala stenger klokka elleve i kveld norsk tid, og resultatet blir klart ein gong i løpet av natta.