Albert (23) sanka stemmer for Bernie Sanders

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sanka stemmer for Bernie Sanders

Saka er henta frå Porten.no

Det siste året har Albert Andersen Øydvin vore utvekslingsstudent i California i USA. Der var han med å førebu valkampen til Bernie Sanders, den viktigaste utfordraren til Hillary Clinton i kampen om å bli det demokratiske partiet sin presidentkandidat.

– Det var veldig kjekt å sjå det blomstrande engasjementet blant dei unge. Mange som aldri hadde brydd seg om politikk før, møtte opp og engasjerte seg i stor stil, seier Øydvin.

– Som å ta del i noko historisk
Han tykkjer det er utruleg at ein kar som kallar seg sosialist, altså Sanders, har klart få så stor oppslutning i USA. Der borte har den nemninga vore å rekne som eit skjellsord.

– Det var som å ta del i noko historisk, seier Øydvin om den politiske vinden han føler er i ferd med å snu.

Nøkkelen til suksessen trur han er at Sanders har stått fram som ei motkraft til pengemakta og det etablerte politiske systemet.

– Det handlar om at han er systemkritisk politikar. Han er ikkje som alle andre, han er ein outsider, han seier det han meinar utan å filtrere så altfor mykje. 

Akkurat der ligg mykje av svaret på korleis Bernie Sanders har klart å engasjere dei unge veljarane, trur Øydvin. For det er ikkje berre i Norge at det er vanskeleg å få til. 

– Viss du ser på stortingspolitikarane våre i dag, så er det mykje tåkeprat og PR-rådgjevarar som skal blankpolere alt. Når du ikkje kan sjå forskjell på politikarane, så blir det fort kjedeleg, seier han.

– Politikarane er frykteleg redde for å seie noko feil, redde for å drite seg ut. Dei brukar for mykje krefter på å tilpasse språket til dagspressa. Sanders har vist at du må kaste ut alle råda frå spindoktorane og berre seie det du tenkjer, seier Øydvin. 

Albert Andersen Øydvin på demonstrasjon i USA

Øydvin tykkjer det er flott å sjå at dei unge og underpriviligerte har byrja å skjøne at dei kan bli høyrt i amerikansk politikk. Her frå ein av demonstrasjonane han var med å arrangere. Foto: Privat.

Tilbake på heimebane
Sjølv om kampen mot Clinton verkar tapt, trur han vi berre har sett byrjinga av ei grasrotrøsle som på sikt vil forandre amerikansk politikk. 

– Mange av dei eg snakka med vil halde fram som tidlegare. Dei kjem ikkje til å gje opp gratis helsestell, dobling av minsteløna og gratis høgare utdanning, som er dei tre store sakene, sjølv om Bernie Sanders ikkje vert president, seier Øydvin.

No er han tilbake i Norge. I staden for å kjempe for Sanders, skal han kjempe for miljøet, nynorsken, ein betre distriktspolitikk og ei meir rettferdig handsaming av flyktningekrisa. Det blir det rikeleg med sjansar til. For nyleg vart han vald inn i sentralstyret til Sosialistisk Ungdom.

– Det blir spanande. Eg skal etterkvart flytte til Oslo og ser fram til å engasjere meg for fullt for SU, seier Øydvin.

Les meir:

Bernie Sanders tapte nominasjonskampen mot Hillary Clinton. No har ho fått støtte frå Obama – derfor venta han så lenge.

Før valet i 2012 laga me denne quizen om amerikansk politikk. Sjekk kor mykje du hugsar i dag.

Om Donald Trump vinn valet, får USA ein president nektar for klimaendringane. Kva skjer då?