Fleirtal i folket mot tvungen kommunesamanslåing

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

56,4 prosent meiner at det ikkje burde brukast tvang der innbyggjarane i kommunane har gått imot samanslåing, viser ei ny meiningsmåling.

På spørsmål om kommunar burde tvingast til samanslåing svarar 29,4 prosent av dei spurde at det bør brukast tvang, mens 14,2 prosent svarar at dei ikkje veit. Meiningsmålinga er utført 31. mai av InFact for Lokalsamfunnsforeningen blant 1.014 personar, skriv Klassekampen.

Torsdag skal det stemmast på Stortinget over om Høgre og Frp får fleirtal med Venstre for at kommunar skal tvingast saman.

LES OGSÅ: Fleirtal for på Stortinget for å slå saman kommunar

Blant dei spurde i meiningsmålinga er det fleirtal for tvang blant dei som oppgir å stemme på Høgre og Venstre, mens berre 40,8 prosent Frp-veljarane er for tvang.

– Eit massivt fleirtal av befolkninga ser at det er uklokt å slå saman kommunar med tvang og vil la folkestyret fungere. Det bør vere ei påminning for regjeringspartia, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til avisa.

Få også med deg debattinnlegget: «Ynskjer vi at eit samarbeid skal starte med tvang?»