Fleirtal på Stortinget for å slå saman kommunar

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtal for å slå saman kommunar

Diskusjonane om det nye kommunekartet er over i Stortingets kommunalkomité. Talet på kommunar blir kutta frå 428 til 354. Tvang skal brukast i ti tilfelle. 

Regjeringas eine samarbeidsparti KrF seier nei til tvang, men Venstre sikrar fleirtal for den største endringa i kommunestrukturen sidan 1950-talet. Heilt til det siste var det spenning om enkeltkommunar, i nokre tilfelle var meiningane delte også mellom dei to regjeringspartia.

– Det er behov for sterke og livskraftige kommunar for å realisere måla med reforma. Den skal sørgje for gode og likeverdige tenester til innbyggjarane, seier kommunalkomiteleiar Helge André Njåstad (Frp).

Då regjeringa la fram sitt forslag til kommunereform, låg det an til ein fasit på 358 kommunar. Når Torsken, Berg og Trøgstad blir slått saman med andre kommunar og Flora og Vågsøy fusjonerer, blir talet 354. Endeleg avgjerd blir fatta av Stortinget 8. juni.

Njåstad og regjeringa meiner reforma vil medføre fleire oppgåver til økonomisk meir robuste kommunar. Men reforma er også omstridd og inneber bruk av tvang ved ti samanslåingar:

• Hobøl, Askim, Spydeberg, Eidsberg og Trøgstad

• Tranøy, Lenvik, Torsken og Berg

• Bjugn, Ørland

• Mandal, Marnardal, Lindesnes

• Kristiansand, Søgne, Songdalen

• Sogndal, Balestrand, Leikanger

• Tysfjord blir delt i to. Ein del blir slått saman med Narvik og Ballangen, resten med Hamarøy

• Skedsmo, Fet, Sørum

• Ålesund, Sandøy, Skodje, Ørskog, Haram

• Roan, Åfjord

• Vikna, Nærøy, Leka, Bindal