«Ynskjer vi at eit samarbeid skal starte med tvang?»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å starta samarbeid med tvang

Innlegget var først publisert hjå Porten.no.

Då Stortinget vedtok at vi skulle igjennom ei reform der vi skulle teikne noregskartet på nytt var talen klar: Vi skulle ha større, meir robuste einingar og oppgåvene skulle fordelast.

Det har heile vegen vore eit premiss at ein skal auke makta ute i kommunane der folk faktisk bur, og då blir det eit paradoks at Oslo-makta skal overkøyre folkeviljen for å oppnå dette.

Fleirtal for tvang
Fleirtalet av kommunane har gjort grundig arbeid med reforma. Nokre kommunar har hatt sitt standpunkt sidan dag ein, medan andre har brukt lengre tid på å kome fram til eit vedtak som lokalpolitikarane meiner er best for sin kommune. Dei fleste har òg vore gjennom folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar, der folket har fått sagt si meining. Likevel tek ikkje regjeringa omsyn til at dei som faktisk bur i kommunane veit best. Regjeringa med Venstre på laget har fleirtal for bruk av tvang. 

I innstilling 200 S – 2013-2014 står det at fleirtalet er opptekne av at det skal vere «reell frivillighet for de kommuner som deltar i sammenslåingsprosesser». Likevel vert det opna for unntak i heilt spesielle situasjonar der enkeltkommunar ikkje må kunne stogge endringar som er hensiktsmessige ut i frå regionale omsyn.

LES OGSÅ: Senterungdommen får kritikk for å samanlikna tvangssamanslåing med valdtekt

Mistillit og splid
Puttar regjeringa med Venstre Sogndal, Balestrand og Leikanger inn i kategorien der enkeltkommunar stoggar endringar som er hensiktsmessige utifrå regionale omsyn? Leikanger sa tydeleg nei. Balestrand var delt, men kommunestyret sa nei. Sogndal sa ja, men berre 25 % av dei med stemmerett brukte stemma si.

Ynskjer vi at eit samarbeid skal starte med tvang? I tillegg kan ein sjå at regjeringa brukar økonomiske godar til dei kommunane som seier ja til å slå seg saman innan visse tidsfristar. Kan ein kalle dette for fridom? 

Når regjeringa med Venstre går i mot lokaldemokratiet skapar det mistillit og splid hjå folket.

Unge deltek ikkje
Lokaldemokratiet er ei sterk bærebjelke i samfunnet vårt, og tvangsbruk lagar sprekkar i bjelken. Ein ser òg eit Noreg der færre brukar stemmeretten og færre engasjerer seg i politiske parti. Då er ikkje tvang noko politikarane bør satse på. Vil 17-åringen som Jon Håkon Odd (ordførar i Leikanger, red.anm.) snakka om i Debatten på NRK delta i framtida, når all engasjementet ho la ned i kommuneforma ikkje blir høyrd? Spesielt er valdeltaking låg hjå ungdom. Kan dette sjåast i samanheng i at vi ikkje blir høyrd?

Fri vilje frå kommunane skal vere grunnlaget for kommunesamanslåingar. Målet vårt er å få meir makt ut til folket, og då kan ikkje prosessen starte med å totalt overkøyre folkeviljen. 

«Det er lettare å finne ungdomen på sosiale medium enn å finne dei i resepsjonen på rådhuset,» skriv Dag Henrik Nygård i dette innlegget. 

Ap-forslag
Arbeidarpartiet ser at noko må gjerast med dagens kommunestruktur. Likevel står fri vilje som eit viktig premiss i debatten.

Arbeidarpartiet er klare på at dei vil legge dei framlagte forslaga om tvangssamanslåing dødt om vi tek over regjeringsmakta til hausten.

Kommunar som er blitt tvangssamanslegne kan få reversert vedtaket om dette er ynskjeleg. Det er klart for Arbeidarpartiet at det er folket i kommunane som sjølv skal få bestemme, og ikkje Oslo-makta.

Les meir om kommunesamanslåing her!