Her held Vidar fyrste hundrelappen

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet.

Norges Bank byrja tysdag 30. mai å rulle ut ein heilt ny serie pengesetlar, mellom anna ein ny hundrekroner-setel. Ein setel som betyr ekstra mykje for Ulstein Group, men også for den maritime næringa på Søre Sunnmøre.

Same dag som den kom ut, var Vidar Eikrem, leiar for Ulstein China, i kvelven til Noregs Bank og sikra seg nokre av dei første eksemplara av den nye 100-lappen.

– Eg blei godt teken i mot av Norges Bank. Det var eit ærefullt oppdrag for å seie det mildt, seier Eikrem til Vikebladet Vestposten.

– Ein inspirasjon 
100-lappen er i tillegg utstilt på standen til Ulstein under Nor-Shipping, og heng godt synleg i større utgåve på veggen, så det er inga tvil om at konsernet er stolte.

– Det er ei stor ære å få lov til å pryde ein pengesetel med Ulstein X-BOW. Dette er både ei merksemd knytt til det arbeidet vi legg ned og ein inspirasjon til det vidare utviklingsarbeidet vårt, seier kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim.