Noregs Bank svir av 20 millionar på reklame for nye setlar

Ny versjon av «Torsken kommer nå» er noko av det som kostar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svir av 20 mill. på reklame for nye setlar

Kristian Birkeland blir erstatta med ein torsk, mens Gokstadskipet tar over etter Kirsten Flagstad når dei nye 100- og 200-kronesetlane kjem i sirkulasjon. 

For første gong i historia har Noregs Bank gått vekk frå å nytte kjente nordmenn som motiv på setlane. No er det Noregs maritime historie som skal visast fram.

Dei første nye setlane blei tilgjengelege for bankane klokka 14 tysdag 30. mai, men det kan ta litt tid før dei er tilgjengeleg for publikum i minibankar og butikkar.

«Torske kroner no»
Noregs Bank har spelt inn ein ny video til KLMs slager «Torsken kommer nå» frå 1980. Der syng komikarane Knut Lystad, Lars Mjøen og Jon Niklas Rønning «Torsken er vår venn, og nå er`n plutseleg verdt 200 spenn!»

Videoen får internasjonal merksemd. Financial Times har tatt seg bryet med å omsette delar av teksten til engelsk.

Noregs Bank stadfester overfor E24 at kampanjen i samband med utgjevinga av dei nye setlane kostar 20 millionar kroner.

– For at setlane skal vere tryggast mogleg i bruk, må publikum bli gjort kjent med sikkerheitselementa. Derfor er informasjon så viktig, seier kommunikasjonsrådgjevar Bård Ove Molberg i Noregs Bank til E24.

Summen på 20 millionar kroner dekkjer både humorvideoen, utstillingar og informasjonsstands. Sjølve dagen blei feira av Noregs Bank med fleire ulike arrangement i Svolvær.

Sikrare setlar
Den teknologiske utviklinga inneber at falsknarar får betre metodar for å etterlikne ekte setlar. Derfor må sentralbankane utvikle meir avanserte sikkerheitselement.

– Som sentralbank har vi ansvar for å sikre at norske setlar heile tida har eit tilstrekkeleg høgt sikkerheitsnivå. Derfor har vi no utvikla ein ny setelserie som er sikrare enn nokon gong, seier sentralbanksjef Øystein Olsen til E24.

Dei nye setlane har mange sikkerheitselement, både lett synlege som sikkerheitstråd, og merker som ikkje er synlege.

Fyrtårn og skøyte i 2018
Nye 50- og 500-lappar, med motiv av fyrtårn og redningsskøyta «Stavanger» kjem mot slutten av 2018. Dei nye 1000-lappane, med ei blå bølgje, kjem først hausten 2019.

Dei gamle setlane vil framleis vere gyldige i ytterlegare 12 månader, men kan også etter det vekslast gebyrfritt hos Noregs Bank i ti år framover.

LES OGSÅ: Unge har 235 millionar kroner i inkassogjeld