Kvinnelege forskarar blir mindre sitert enn mannlege

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ulempe å vera kvinne som forskar

Som forskar er det viktig at dine vitenskaplege artiklar blir sitert av andre forskarar, skriv Forskerforum.

– Jo mindre sitert du blir, jo lågare status får du som forskar – uavhengig av kor verdifullt arbeidet ditt er. Det seier ph.d.-student Neven Caplar ved Swiss Federal Institute of Technology i Zürich.

Han er hovudforfattar bak ein studie der forskarar har gått gjennom nesten 150.000 vitenskaplege artiklar i fem store astronomitidsskrift mellom 1950 og 2015. Dei undersøkte om kjønnet på forfattaren hadde noko å seie for kor mykje dei vart sitert.

Dei første åra i datasettet var det svært store kjønnsforskjellar, menn vart sitert mellom 50 og 100 prosent oftare enn kvinner. Etter 1985 var det framleis 6 prosent større sannsyn for å bli sitert om du var mann. Og kontrollert for kva tidsskrift artiklane var publisert i, årstal, alderen til forfattaren, talet på referansar og andre faktorar, kom menn framleis best ut. Artiklar med ein kvinneleg hovudforfattar fekk berre 90 prosent av siteringane ein kunne forvente av ein artikkel med ein mannleg hovudforfattar.

Ifølgje analysen var det kjønn, og ikkje den vitenskaplege kvaliteten, som såg ut til å vere den mest sannsynlege forklaringa på forskjellen i siteringar.

Sjekk også ut vår intervjuserie med unge forskartalent: «Vis meg ein dings»