Er bygda dårlegare på frivilligheit?

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frivillighet Norge har for første gong laga eit samla oversyn over kommunar som har vedtatt ein politikk for frivillig arbeid.

Dette er første gongen det er laga eit slikt oversyn, som òg omfattar kommunar som er i gang med å utvikle ein slik politikk. 

– Vi ønskjer å skape medvit i kommunane om kor viktig frivilligpolitikken er, og synleggjere føregangskommunane. Så godt som alle kommunar har ein næringspolitikk, men dei færraste har ein frivilligpolitikk, seier generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge i ei pressemelding.

Ikkje meir enn 33 kommunar har så langt vedtatt eigne planar for frivilligpolitikken, mens nesten like mange er i gang med prosessen. Men ifølgje Frivillighet Norge manglar dei aller fleste kommunane slike planar.

– På område etter område blir det etterlyst meir samarbeid med det frivillige. Det kjem ikkje av seg sjølv. For å leggje til rette for dette må kommunen utvikle ein frivilligpolitikk i dialog med lokale lag og foreiningar, seier Johnsen.

LES OGSÅ: – Å jobba frivillig er den beste måten å bli integrert på