– Eg synest nynorsk er veldig mykje penare

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Først trudde eg ikkje på det, for om noko verkar for bra til å vere sant tek det gjerne nokre veker før eg skjønar kva det inneber, seier Sunniva M. Roligheten på telefon til Framtida.no.

17-åringen frå Larvik er den yngste av bidragsytarane i Signaler, Cappelen Damm sin årlege debutantantologi.

Biologilekse, som er tittelen på teksta signert Roligheten er dessutan ein av berre to nynorske bidrag.

– Eg kjem eigentleg frå ein stad der det berre er bokmål, men eg synest nynorsk er veldig mykje penare. No har eg valt nynorsk som hovudmål og har alle bøkene på nynorsk, så eg prøver å lære meg det, seier Roligheten, som medgjev at det er litt vanskeleg:  

– Det er litt skummelt når eg skriv til nokon som kan det. Eg er ikkje merksam på alle feila eg skriv, så nokon som les det må jo tenkje, «kva er det denne personen driver med», ler ho.

Puslespel av historier
Teksta Biologilekse er ein utvida versjon av ei tekst som i fjor gav larviksjenta Ambjørnsenprisen: 20 000 kroner og personleg skriverettleiing av heile Noregs Ingvar Ambjørnsen.

Teksta er sett opp som ei skuleoppgåve, men her hoppar det fort frå biologi til barndomsminne, skulegårdsdramatikk, kjærleik og pengar. Roligheten fortel at ho har freista å summera opp korleis unge tenkjer, og ho har latt seg inspirere av både eigne og andre sine historier

– Det er på ein måte eit puslespel av historier frå ungdommar, forklarar Roligheten.

Ein må berre tørre
Forskarlinjeeleven på Thor Heyerdahl videregåande skole medgjev at det er skummelt å senda frå seg personlege tekstar. Ho fortel at hobrukte eitt par dagar før ho våga å trykkja send på e-posten til forlaget, og etterpå tenkte ho at: «Kva i all verda er det eg har gjort? Skal folk lese dette?»

– Men det har gått greitt. Det er ikkje slik at folk konfronterer deg med teksta, seier Roligheten.

– Har du nokre tips til andre unge som vil skriva?

– Ikkje la vere å skriva, berre fordi du ikkje er 32. Ein kan framleis skriva og senda inn til forlag, sjølv om ein ikkje er så gamal. Ein må berre tørre. Det er nok mange unge som også skriv bra, men som ikkje tør å levere det inn.

LES OGSÅ: Sjå opp for Oda Lise Louise Inger Sonja


– Eg har framleis ikkje bestemt meg for kva eg vil driva med, men den eine raude tråden er at eg vil jobba med eller for barn, seier bokaktuelle Ingunn Thon. Foto: Andrea Nøttveit.