– Vi skal ha det artig mens vi reddar verda

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skal ta store problem på alvor, og ha det artig mens vi reddar verda, seier Ola Eian, talsperson for Grøn Ungdom på telefon til Framtida.no

Han trekk fram tre politiske høgdepunkt frå landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som vart arrangert på Lillehammer i helga.

– Vi vedtok ein human ruspolitikk, ein solidarisk migrasjonspolitikk og ein ambisiøs klimapolitikk, seier han.

Partiet vil avvikle ordninga med midlertidig opphald, og Eian forklarar at sidan Noreg er skuld i klimaendringar som gjer at folk flyktar, lyt Noreg også vise solidaritet med menneske over heile kloden.

Klimasaker
Eit sentralt vedtak er MDG sin plan om å fase ut norsk oljeindustri innan 15 år.

– Verda har auka ambisjonsnivået til å avgrense oppvarminga til 1,5 grader, så då justerer vi også tiltaka som trengs for å nå det målet, seier Eian.

– Det er gledeleg at utsleppa går litt ned, men vi kjem ikkje i mål med litt under ein prosent, er kommentaren til SSB-rapporten som viser ein forsiktig nedgang i norske klimautslepp i 2016.

I landsmøtetalen sin sa talsperson i MDG, Une Bastholm, at «200.000 oljeavhengige arbeidsplassar må erstattast». Eian presiserer at dette ikkje er så dramatisk som det kan høyrast ut.

– Vi skal ikkje bli noko anna enn eit vanleg, skandinavisk land. Det er ikkje så grusomt som gjengen i FrP snakkar om, seier han.

Humor og meir enn klima
På landsmøtet var det også tid for humor. Ingrid Liland og Lage Nøst i Grøn Ungdom laga ein musikkvideo om kva Dei Grøne meiner om alt anna enn klimapolitikk.

– Ja, det er eit spørsmål vi får nokså ofte. Vi er ikkje eit ein-saks-parti, seier Eian, og legg til:

– Då musikkvideoen vart vist vart det svært god stemning på landsmøtet, og folk hoppa og dansa. Vi er eit litt annleis parti, og tek ikkje oss sjølve så høgtidelege.

Slagplanen for dei om lag 100 dagane til valet er at MDG skal nå 5 prosent, og få ei stor gruppe folkevalde inn på Stortinget.

– Vi i Grøn Ungdom skal hjelpe dei med det ved å gjere ein stor innsats i skulevalet, og har ambisjonar om 10 prosent oppslutnig, avsluttar Eian.

LES OGSÅ: Grøn Ungdom vil erstatta KRLE med FRED

Mat i skulehagen?
Om skulepolitikk går låta slik:

«Vi vil ha eit skulesystem der alle kan finne sin plass. Der alle får rom til å meistre og vi bruker færre timar på å teste! Skulen skal utdanne heile mennesket, men ikkje legge meir beslag på dagen. Kritisk tenking og praktiske fag, kanskje dyrking av mat i skulehagen?»

Her kan du sjå musikkvideoen som allereie er sett over 55 000 gongar på Facebook: