Får prisen for boka Sigd.

mm
Faktaboks

Ruth Lillegraven er fødd i 1978 og har vakse opp i Granvin i Hardanger. I dag bur ho i Lommedalen i Bærum.

Nominert til Brageprisen 2016 i kategorien barne- og ungdomslitteratur for Eg er eg er eg er.

I 2016 har ho i tillegg gitt ut Sigd (dikt for vaksne), Disse dagene. Dette livet (diktantologi redigert saman med Tordis Ørjasæter) og Å lytte til hakkespetter (hovudforfattar).

Har tidlegare gitt ut diktsamlingane Urd og Manilahallen, romanen Mellom oss og fire biletbøker om Mari og Magnus for små born.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dette er ei sterk og fascinerande diktsamling som på originalt vis teiknar opp ein lagnad, og viser oss korleis kvar og ein av oss er ein del av noko større, samstundes som ein aldri kan bli noko anna enn den ein vart, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga.

Prisen på 30.000 kroner vert delt ut på ei tilstelling i Oslo i ettermiddag.

Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret står bak prisen og Ragnar Hovland, Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen har site i juryen for Nynorsk litteraturpris.

Sigd vart vart gjeven ut på Tiden Norsk Forlag.

LES OGSÅ: Ruth Lillegraven klyp seg i armen

Sjå Ruth Lillegraven lesa frå Sigd:

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE