LO opnar for oljeboring utanfor Lofoten

LO-kongressen går inn for oljekompromisset til Arbeiderpartiet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av dei store debattane på LO-kongressen i Oslo denne veka har vore oljeleiting i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Forbunda i LO er delte i spørsmålet, men i dag gjekk kongressen som venta inn for eit kompromissvedtak: Vern av delar av området og konsekvensutgreiing av olje- og gassverksemd i andre delar, slik Arbeidarpartiet har gått inn for.

– Eg er for full konsekvensutgreiing, men eg kan leva med eit kompromiss, sa Richard Storevik, leiar for ungdomsutvalet i Fellesforbundet til Framtida.no i går.

LO vil no konsekvensutgreia delar av Nordland 6, og venta med Nordland 7 og Troms 2. LO går òg inn for å verna delar av Lofoten, ifølgje Frifagbevegelse.no.

Ei konsekvensutgreiing må gjerast før det kan bli opna for oljeboring.

– Det er snakk om levebrødet mitt og framtida mi, sa Richard Storevik til Framtida.no i går.

LES OGSÅ: Rasar mot olje-kompromiss på Ap-landsmøtet