Sjå opp for framtidas formidlarar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk skjønar ikkje kva millisievert er, men dei forstår kva eg meiner med 200 bananar, seier Johanne Villadsen, fysikkstudent ved Universitetet i Oslo.

– Om du vert frustrert på scena må du hugse på å ikkje gå bananas, kjem det muntert frå informatikkstudent Matias Hermanrud Fjeld.

Saman med biologistudentane Andreas Langeland Jenssen og Eirin Bruholt er Villadsen og Fjeld ein del av årets kull naturvitarar som lærer å formidle kompleks teknologi og realfag til folk flest.

Framtida.no møter studentane når dei øver til munnleg presentasjon i faget Formidling og vitskapsjournalistikk ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Robotar, bananer, bier og allergiar
Torsdag 11.mai skal dei stå på scena på Realfagsbiblioteket for å glede publikum med høgdepunkta frå teknologi- og realfag. Det vert eit realt formidlingsmaraton, der kvar av dei over tjue studentane skal halde eit kort og engasjerande populærvitskapleg foredrag om eit tema dei synest er spennande.

– Robotar er idiotar. Eg synest det er viktig å fortelje om det eg driv med, og sidan alle trur at robotane kjem til å ta over verda, vil eg gjere dei klare over at robotane slit med heilt grunnleggjande ting, fortel Fjeld om foredraget sitt.

Villadsen vil fortelje at at stråledosen (millisievert) frå 200 bananar er like stor som stråledosen frå eit kjøtmåltid, men at begge delar er nokså ufarleg. Jenssen har rekna på prisen av arbeidet som bier, flaggermus og sopp gjer i naturen, medan Bruholt vil hjelpe publikum til å forstå kvifor det er ein god ting at immunforsvaret av og til gir oss ein allergisk reaksjon.

Formidling som forandrar
Dei tjuetals studentane på formidlingskurset har skrive ein nyheitsartikkel, ein kronikk og eit essay. Fleire av tekstane har blitt publisert på Titan, UiO sin formidlingsplattform for realfag på nett.

Studentane fortel at undervisninga og skrivetreninga har gjort dei tryggare til å delta i samfunnsdebatt med realfagskunnskapane dei har.

– Eg har forandra meg av å lære å formidle. Før tenkte eg at andre forskarar hadde ansvaret, men no har eg fått verktøy, sjølvtillit og moglegheit til å ta min del av ansvaret, seier Fjeld, og får støtte frå Bruholt.

– Eg har blitt meir kritisk, og har lært at det er viktig at eg bidrar til debatt med kunnskap som stemmer, seier ho.

Formidlingsglede
Seinare i studia skal dei fire også levere masteroppgåver, og fortel at det dei har lært om formidling også er relevant for å skrive akademiske tekstar.

– Ein treng jo ikkje pakke inn masteroppgåva i så tungt språk at ingen forstår det. Det er ingen vits i å skrive sånn at ingen får glede av det, konkluderer Villadsen.

Om du er interessert i å sjå foredraga finn du dei HER.

Les meir om korleis unge forskarar forskar under emneknaggen #dings