NPK
NPK

Ein av to nordmenn vil velja meir miljøvennlege reiseopplevingar for å redusera påverknad på klima og miljø, men dei fleste vil likevel ikkje fly mindre.

Det kjem fram i ei fersk undersøking gjort for NHO Reiseliv. Bakgrunnen for undersøkinga er at 2017 er FNs internasjonale år for berekraftig turisme.

Sjølv om fleire ønskjer å feriera meir miljøvennleg, er det berre ein av fem som er villige til å redusera talet på flyreiser for ei grønare verd.

– Å reisa mindre er lite aktuelt for nordmenn flest. Vi er glade i år reisa, og alle prognosar viser at det vil vi halda fram med. Mange er likevel blitt meir medvitne om at dei ønskjer å reisa miljøvennleg, og at dei føretrekkjer berekraftige reisemål, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv i ei pressemelding.

I undersøking kjem det fram at tre av ti er opptekne av at stadane dei besøkjer er klima- og miljøvennlege.

Undersøkinga viser også at vel halvparten av oss meiner Noreg er eit klima- og miljøvennleg reisemål.

Krohn Devold meiner også mange utanlandske turistar ser på Noreg som eit berekraftig reisemål med rein og stille natur. Ho peikar på at Noreg dei siste tre åra har hatt ein kraftig vekst av utanlandske turistar og at reiselivsnæringa er ei næring i vekst over heile verda.

Samtidig er ho tydeleg på at den kraftige veksten i norsk reiseliv forpliktar og at det er nødvendig å sikra berekraftig vekst.

– Det er ikkje vekst i seg sjølv som er målet, men vekst som er med på å skapa ei berekraftig økonomisk, sosial og miljømessig utvikling. Reiselivet er i ferd med å ta inn over seg dette ansvaret, meiner Krohn Devold.

Berekraft er også tema for årskonferansen til NHO Reiseliv på Lillehammer 22. og 23. mai.

(©NPK)

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

Kommentarar

ANNONSE