Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er for full konsekvensutgreiing, men eg kan leva med eit kompromiss, seier Richard Storevik, leiar for ungdomsutvalet i Fellesforbundet.

Han snakkar om temaet for ein av dei store debattane på LO-kongressen i Oslo denne veka: oljeleiting i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Forbunda i LO er delte i spørsmålet, og dei me har snakka med ser det som sannsynleg at den mektige kongressen landar på eit kompromissvedtak: Vern av delar av området og konsekvensutgreiing av olje- og gassverksemd i andre delar, slik Arbeidarpartiet har gått inn for.

Fredag morgon kjem innstillinga frå redaksjonskomiteen, før dei 315 delegatane på kongressen skal gjera vedtak seinare på dagen.

– Absolutt minimum
– Det vil vera dumt å gå til val med ein stor splid, og difor ser eg Ap sitt kompromissvedtak som eit absolutt minimum for LO-kongressen, seier Storevik, og legg til:

– Det er også noko Ap ikkje kan forhandla vekk i ein regjeringskoalisjon viss dei kjem til makta i haust. Viss dei forhandlar det vekk, så har me eit problem, seier han.

– Kvifor er det viktig?

– For første er det snakk om jobben min. Det er snakk om levebrødet mitt og framtida mi. Me er også verdsleiande innan leverandørindustri i Noreg, og det er den same teknologien me held på med kvar dag som skal ta oss over i det grøne skiftet. Me må vidareutvikla den teknologien me har, men dette tar tid, og me kan ikkje berre stenga krana.

LES OGSÅ: Vil kjempa for oljeleiting i Lofoten og Vesterålen

– Alt oljefritt
Storevik får støtte frå Michal Jan Warecki, leiar for studentutvalet i Industri Energi:

– Me meiner at det er bra for miljøet i eit globalt perspektiv at olja blir utvinna i Noreg og ikkje andre stader, med våre strengare miljø- og utsleppskrav. Det er også avgjerande for norsk velferd.

Også Warecki har tru på at kompromisset blir vedtatt til slutt.

– Eg har tru på at det er noko alle forbunda kan leva med, seier han.

Sahar Azari, leiar i Norsk Tjenestemannslag (NTL) Ung, står på motsett side i debatten om oljeboring.

– Me vil ha alt saman oljefritt. Det er for fisken, for klimaet og for framtida si skuld – i korte trekk, seier ho.

Ifølgje Natur og Ungdom, som har aksjonert ved Folkets Hus tidlegare i veka, kjem flesteparten av delegatane på kongressen frå forbund som har vedtak mot konsekvensutgreiing i dei omstridde havområda. Men sjølv om Azari håpar på at det blir konklusjonen frå kongressen, er ho førebudd på at NTL ikkje får fullt gjennomslag.

– LO femnar jo mange interesser, så det blir nok eit kompromiss. Men eg håper det blir eit langt betre kompromiss enn det som Arbeidarpartiet vedtok, seier ho.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom rasar mot olje-vedtak på Ap-landsmøtet

– Må ha ei kopling til EØS
Ein annan stor debatt på LO-kongressen handlar om EØS-avtalen som gir Noreg marknadstilgang i EU. Fleire sterke krefter i fagrørsla har den siste tida gått ut med krav om at LO må seia nei til avtalen.

Ingen av ungdomane frå Fellesforbundet, NTL og Industri Energi trur eit slikt krav får gjennomslag.

– Nei-sida har dominert debatten i media, men her på kongressen har det kome veldig godt fram frå mange bransjar kvifor det er viktig å ha ei kopling til EØS, seier Storevik, som har merka seg at også mange ute i industrien er misnøgde med avtalen slik han fungerer med dag.

– Ein må understreka at det er viktig å bruka det politiske handlingsrommet og ikkje la Brussel bestemma over norske tariffavtalar og løns- og arbeidsvilkår. Elles kjem skepsisen der ute berre til å auka og auka, understrekar han.

LES OGSÅ: – Eg levde i ei boble der ein blir lært opp til at EU er vondt og galt

Trur på gylden middelveg
Storevik får igjen støtte frå Warecki.

– EØS-avtalen er avgjerande for mange av Industri Energi sine medlemsbedrifter, som rett og slett hadde blitt stengt viss ein skulle gått over til Verdas handelsorganisasjon sine tollsatsar i staden for den frie marknadstilgangen som ein har no, seier han.

Warecki trur likevel det er viktig å anerkjenne at EØS-avtalen slik han er i dag går ut over norske arbeids- og lønsvilkår, men meiner det skuldast at både noverande og tidlegare norske regjeringar har vore for passive.

NTL Ung ønskjer på si side å greia ut alternativ til EØS, men har ikkje tatt nokon endeleg avgjerd for eller mot avtalen. Sahar Azari trur kongressen landar på eit kompromiss.

– Eg trur nok det blir ein «gylden middelveg» der òg, men det er vanskeleg å seia. Det er veldig sterke kjensler i salen. Me hadde over 16 timars debatt om handlingsplanen, og det var ei av dei heite potetene, seier ho.