Odd Nordstoga: – Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal

– Eg har funne ut at eg må skriva så konkret eg greier, om konkrete ting, og gjennom det peika på eit tema folk kan fundera vidare på. Dess tydelegare og enklare og lite det er, dess opnare og større kan det bli, seier Nordstoga, som fredag slepper den nye plate si «Dette landet» laus på folk.

Tekstane om ein svolten hund, ei smilande jente og kjærleiken til Noreg handlar om så mykje meir, anten Odd har skrive dei sjølv eller Stein Versto har skrive dei for han.

Nordstoga karakteriserer telemarkslyrikaren som «ein slik mann som held opp lyset for deg, og så kan du sjå der lyset rekk og sjå noko du ikkje har sett før og undre deg over noko du før ikkje hadde tenkt på å undra deg over».

– Han inspirerer meg også i mine eigne låtar. Det er som å ha ein mentor som har levd litt lenger enn deg og forstått litt meir.

– Som ein tiggar

Så når Nordstoga syng kjærleiken til mor Noreg og naturen – slik han gjer i låten som låner tittel til albumet – handlar det også om solidaritet og brorskap. Ein litt naiv, søt låt om ei vakker jente handlar om … fred. Og når Odd syng om ei kald og svolten bikkje, dreier det seg også om å ta ansvar for folk og fe i naud.

– Eg har gjerne ein musikalsk idé, og så leitar eg fram eit ord i melodien. Som hunden. Så går eg vidare med teksten, skapar ein djupare sympati, seier han og tenkjer høgt om låten «Bikkja», med eit refreng som går «vil du aldri aldri sleppe meg inn»:

– Å la den svoltne bikkja, med fire små oppi skogen, sitja gløymt utanfor ruta er som å gå forbi ein tiggar på gata. Bak all naud ligg det ei bakgrunnshistorie, men det er også då det blir vanskelegare. For når du møter nokre ansikt til ansikt, og snakkar med dei, blir du konfrontert med di eiga verdigheit.

Så smiler han litt underfundig over kor høgtideleg han blei, og seier:

– Det kan ein til dømes dra ut av denne låten. Men det var bikkjesikkelet som starta det. Ingenting er så trist som ei bikkje som vil ha kotelett.

Vil ha skinnjakke

Odd Nordstoga er blitt reine nasjonalskalden i all si lågmælte tilnærming. Når han turnerer Noreg rundt utover i oktober og november, står Operaen også på lista. Konserten i «Bestestova», som han kallar høgborga til finkulturen, selde ut så raskt at det måtte ekstrakonsert til.

Men trass all visdommen i dei nye låtane: Han tek med seg eit nytt band, som «gjev energi» og er litt av ein motor å rusa når det trengst.

– Den siste turneen var med Ingebjørg (Bratland), to kassegitarar og ein kontrabass i små lokale. Men det er godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjerf, men ha på skinnjakke og ha litt trykk. Eg har lyst til å spela rock, men musikken min kler eit meir sobert, sofistikert lydbilete. Og det er greitt det også, seier han – før han nøgd slår fast om den vesle Springsteen-augneblinken sin:

– «Diesel og bensin» er den som eg kan spela høgt og stort. Han slo an blant publikum i sommar då vi spelte han live, utan at dei hadde høyrt han før.

Bergenshjelp

Hjelp til å finna litt nye sider ved seg sjølv på «Dette landet» – det sjuande soloalbummet hans – fekk Odd Nordstoga frå eit noko uventa hald: Bergensbrørne Ivar og David Vogt, meir kjende som Real Ones.

– Eg var litt tilbake til start, utan nokon agenda, berre ei plate som skulle vera mi. Mykje nye folk rundt meg gjorde at ting kjendest nytt og friskt og ope, og eg tenkte eg skulle sparra med ny produsent også: Nokon som likar andre ting med låtskrivinga mi.

Valet fall på Real Ones-brørne, som Odd Nordstoga seier han alltid har vore sjarmert av, trass i at dei aldri hadde prøvd seg i produsentstolen før.

– Dei sa til meg «vi vil at Odd skal vera Odd». Fordi dei heldt på låten, at alt skulle byggja opp rundt tekst og melodi, blei uttrykket mitt som låtskrivar svært til stades på plata, rosar han dei nye musikalske leikekameratane sine.

No ber det ut på tur for Odd Nordstoga i følgje med det han kallar «krembandet» sitt, David Wallumrød på tangentar, Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass og Øyvind Blomstrøm på gitar.

– Det blir slitsamt, men gøy, seier han – før han forsvinn til «Senkveld»-opptak, to veker før Bieber.

– Om to år har eg budd lenger i Oslo enn i Vinje, seier Odd Nordstoga, som syng om tilhøyrsle, fred, einsemd og ei svolten bikkje på det nye albumet sitt «Dette landet». (Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK).

Odd om nasjonalsong – og fredssong

«Dette landet», hyllesta hans til fedrelandet om «dette landet som er vår mor»:

– Eg skreiv denne på oppdrag til Grunnlovsjubileet, elles hadde eg ikkje laga han. Det var vanskeleg, men det er jo slik at ein er veldig glad i landet sitt. Eg tenkte på korleis eg skulle seia meir enn berre «dei flotte tindane og fjordane». Då eg var liten, las mor indianarhistorier for meg, der høvdingen var audmjuk i forhold til naturen. Å vera audmjuk i forhold til ein grastust, det er noko rett og flott i det. Det er dei små tinga vi lett gløymer. Og det er dei små tinga som er grunnen til at vi har det så godt i Noreg, Broskapet og solidariteten vi hadde. Det treng vi i dag også. «Det nye vi» er eit flott omgrep, og einaste moglege alternativ. Då må vi læra kvarandre å kjenna, og ikkje laga oss gettoar. Eg tek med noko om klimaet også. Då eg var liten, var vi redde atomvåpen. Så blei det ozonlag, og i dag er klimaet den største utfordringa for vår tid.

«Song om fred», som ho som ikkje ser vondskapen, men tenner eit lys for det gode:

– Det er ei naiv tilnærming, men det har jo fungert om ein tenkjer på Gandhi og Martin Luther King. Knekkjer du beinet, er ikkje medisinen å knekkja det andre beinet; det er gips og spjelk. Er medisinen å bomba meir i Gaza og Syria?

Faktaboks

Turnéliste Odd Nordstoga

* 14. oktober – Sinus, Bodø
* 15. oktober – Harstad Kulturhus
* 16. oktober – Vesterålen Kulturhus, Stokmarknes
* 17. oktober – Driv, Tromsø
* 21. oktober – Fosnavåg Konserthus
* 22. oktober – Terminalen, Ålesund
* 23. oktober – Osafestivalen, Gamlekinoen, Voss
* 24. oktober – Ål Kulturhus
* 28. oktober – Asker kulturhus
* 29. oktober – Ullensaker Kulturhus, Jessheim
* 30. oktober – Ibsenhuset, Skien
* 31. oktober – Geilo Kulturkyrkje
* 1. november – Drammens Teater
* 4. november – Ole Bull Scene, Bergen
* 5. november – Stavanger Konserthus
* 6. november – Falturiltu, Arena, Stord
* 4. november – Høvleriet, Haugesund
* 8. november – Rådhusteateret, Ski
* 12. november – Buen, Mandal
* 13. november – Bølgen, Larvik
* 14. november – Kilden Teater- og Konserthus, Kristiansand
* 15. november – dobbeltkonsert, Operaen, Oslo
* 18. november – Sakshaug kyrkje, Inderøy
* 19. november – Surnadal Kulturhus
* 20. november – Oppdal Kulturhus
* 21. november – Byscenen, Trondheim
* 22. november – Storstuggu, Røros
* 25. november – Elverum Kulturhus
* 26. november – Nøtterøy Kulturhus
* 27. november – Brygga Kultursal, Halden
* 28. november – Energimølla, Kongsberg
* 29. november – Musikkflekken, Sandvika