– Flytt vestlandsk møkk austover

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien er gjort ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Husdyrgjødsel frå storfedrift inneheld mykje fosfor, eit næringsstoff som eignar seg godt til gjødsling for å sikre god plantevekst. Mens det kan bli vel mykje av næringsstoffet i område med mykje storfe, som i Rogaland, kan det erstatte ein del av mineralgjødselbruken på Austlandet. Der er det vanleg å gjødsle med ikkje-fornybar fosfor henta frå gruvedrift.

– Vi har funne ut at ei slik omfordeling også kan gi andre positive miljøeffektar, særleg viss vassinnhaldet i husdyrgjødsla blir redusert før transporten, seier ein av forskarane bak studien, Ola Stedje Hanserud til Nibio.no.

LES OGSÅ: Bønder bør læra dyra stressmeistring

Ved å sentrifugere vatnet ut av kumøkka endar ein opp med tørt, men like næringsrik gjødsel, som er lett og ikkje på langt nær så miljøbelastande å frakte som ubehandla avføring.

– Summerer vi absolutt alt frå miljøbelastingane ved behandlinga av husdyrgjødsel til klimagassutsleppa frå godstoget, frakteskipet eller lastebilen som fraktar husdyrgjødsla frå vest til aust, lønner det seg likevel frå eit miljøperspektiv å bruke overflødig vestlandsk husdyrgjødsel på Austlandet, seier Hanserud.

Miljøgevinsten er altså klar, men om det er økonomi i å frakte kumøkk frå vest til aust, er eit anna spørsmål. Korleis det kan løysast, skal Nibio-forskarane sjå på i neste omgang.

LES OGSÅ: Desse kyrne lever med hol i magen