Senterpartiet får 33,5 prosent i Sogn og Fjordane

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmåling i Sogn og Fjordane

Senterpartiet har aldri fått ei så høg oppslutning på ei Sentio-måling. 33,5 prosent er ny rekord både nasjonalt og lokalt. Det er ein framgang på 12,9 prosentpoeng frå valresultatet i 2013, melder NRK.

Sp stel veljarar frå alle andre parti. Høgre har det kraftigaste fallet med 7,7 prosentpoeng til 11,3 prosent. SV er nærmast utradert med ei oppslutning på 1,6 prosent. Arbeidarpartiet står stille på 27,4 prosent.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) er vilt begeistra og overraska over tala.

– Men når vi ser korleis Sogn og Fjordane kjem ut med dagens sentraliseringspolitikk og tapping av makt, så merkar folk det. Kommunereform, regionreform, politireform, Sivilforsvaret, tingrettar, jordskifterettar. Det er ikkje eit einaste område der det ikkje er sentraliseringar som rammar fylket hardt. Vi misser arbeidsplassar, og vi misser makt, seier ho.

Målinga er gjennomført på oppdrag for NRK Sogn og Fjordane, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen. Feilmarginen er på mellom 0,4 og 4,3 prosentpoeng.

LES OGSÅ: Senterungdommen tapte oljekampen på Sp-landsmøtet