Båtane er del av eit forskingsprosjekt, og Runde Miljøsenter vil gjerne høyre frå deg. 

NPK
NPK

Miljøsenteret sjøsette i 2014 og 2015 til saman 240 slike småbåtar for å sjå kor havstraumane fører dei. Forskingsprosjektet er eit samarbeid med skipsverftet Vard.

– Mange båtar er funne i nærleiken av Runde, men vi har fått tilbakemelding om båtar som er funne heilt opp til Frøya, seier Nils-Roar Hareide i Rune Miljøsenter i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Du kan få økonomisk støtte til strandrydding

Rundt halvparten av Vard-båtane har enno ikkje dukka opp, og Hareide ser ikkje vekk frå at ein del av dei kan ha komme heilt til Russland med Golfstraumen og Kyststraumen. Dei to straumane utgjer saman ei kraftig «elv» nordover kysten, og målet er å lære meir om korleis straumane fører fiskelarvar frå gyteområda ved Runde nordover til Barentshavet.

Dei raude trebåtane er merkte med namn og telefonnummer, og det er òg mogleg å melde frå om båtfunn på nettsidene til Runde Miljøsenter.

LES OGSÅ: Boaty McBoatface er klar for ekspedisjon


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

Kommentarar

ANNONSE