mm
Faktaboks

Unge forskere er ein årleg konkurranse for ungdom mellom 13-20 år, som vert arrangert av Proscientia. Vinnarane mottek stipend og får i nokre tilfelle spesialprisar som inneber deltaking på internasjonale forskingsarrangement for ungdom.

Det vert konkurrert i naturvitskapeleg og humanistisk klasse

LES FAKTALUKK FAKTA

– For meg er det viktig å seie at eg er feminist, fordi det er mange som er redde for ordet. Dei trur det handlar om galne damer, men det handlar om likestilling, seier Sigrid Vårvik Sønnesyn.

19-åringen er elev ved Stavanger katedralskole. Førre veke utmerka ho seg i konkurransen Unge forskere, der ho vann førstepris i klassen for humanistiske fag for oppgåva En kvinnelig skrivemåte.

Med utgangspunkt i den franske litteraturvitaren Hélène Cixous sin teori har ho analysert romanane Kjerringer av Helene Uri og Sigrid Finne av Marit Tusvik. Konklusjonen er at bøker kan ha eit feministsk tema utan at det er ein kvinnelig skrivemåte, som vert dominert av eit meir poetisk språk.

I grunngjevinga skriv juryen at det er ein svært talentfull og skarpsindig analyse av ein ung litteraturforskar. Du kan lese samandraget av oppgåva her.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Grunnmuren
– Kva har du lært undervegs?

– At det ligg mykje meir i språket enn det eg har vore klar over. Cixous legg stor vekt på binære begrepsskjema, der kvinner vert skildra med svakare ord. Ein tenkjer ikkje over det, fordi ein veks opp med det over alt, men det er så tydeleg, seier Sønnesyn.

Ho tykkjer det er alvorleg at me framleis godtek at kvinner vert skildra på ein meir negativ måte enn menn, og at jenter veks opp med andre forventningar enn gutar.

– Kvifor er det viktig å snakka om korleis kvinner vert framstilt?

– Målet er likestilling, og språket er ein del av det. Språk er ein grunnleggjande struktur i alle samfunn og når grunnmuren ikkje er bra, blir ikkje bygninga bra heller, seier 19-åringen.

Ho meiner at me har ein veg att å gå før me har full likestilling i Noreg, der unge jenter får lesa historier som viser at dei kan oppnå og gjere det dei vil.

– For unge jenter er det svært viktig å få vete at dei kan gjere det dei vil. Barnebøker er framleis veldig prega av typiske kjønnsroller, der jentene er søte og snille, seier Sønnesyn.

Les intervju med Inger Bråtveit: – Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg

Pippi og Harry Potter
Ho tykkjer likevel det finnast mange gode dømer på sterke, kvinnelege karakterar som er gode førebilete for unge jenter. Her nemner ho mellom anna Pippi og mor hennar, Astrid Lindgren. Ho tykkjer òg at J.K. Rowling sine Harry Potter-bøker er eit godt døme på forteljingar der kjønn ikkje speler noka rolle.

– Litteraturen skal spegle verkelegheita, men det skal òg vere noko å strekkje seg etter. Me treng meir litteratur der det er ein sjølvfølgje at kvinnene er sterke. Det at me framleis snakkar om kvinnebøker og bøker med sterk kvinneleg karakter, seier noko om at me ikkje har nok av det, meiner ho.

LES OGSÅ: – Vi er over gjennomsnittet interessert i damer


Marta Breen og Jenny Jordahl syntest kvinner gjennom historia har vore for lite synlege, og skreiv derfor ei bok om dei. – I fleire historiebøker på pensum er det namngjeve fleire nazistar enn kvinner, seier Breen.

Oppdatert: måndag 30. oktober 2017 21.43

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE